Difor bør du røysta ved kyrkjevalet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

14. september, på same dag som kommune- og fylkestingsvalet, går valet til sokneråda på Tysnes og bispedømerådet i Hordaland av stabelen. Er du medlem av kyrkja, kan du røysta ved båe.

Saka stod først på trykk i Tysnesbladet.

– Sokneråda har mykje å seia for det som går føre seg i kyrkjene på Tysnes, til dømes korleis me legg opp trusopplæringa for unge, og korleis gudstensta tek form. Etter at konfirmasjonsopplæringa blei flytta frå skulen på Tysnes, er meir av opplæringa i kyrkja, seier Hildur Heie, leiar i Tysnes sokneråd.

Ved valet til soknerådet kan du røysta på kandidatar som står på lista til soknet ditt, som anten er Uggdal, Tysnes eller Onarheim. Fyrstekandidaten til Uggdal og Reksteren er Annlaug Tvedt Flornes. Øvst på lista til Onarheim sokn står Gerthe Barmen, og Helga Kristine Haaland toppar lista til Tysnes sokn.

– Nominasjonskomiteane i dei ulike sokna har hatt fleire møte for å setja opp kandidatar, forklarar Heie.

Kan gje tilleggsrøyster
Når du røystar kan du velja å levera røystesetelen utan endringar. Det tyder at du gjev alle kandidatane på røystesetelen ei røyst kvar. Vil du endra på røystesetelen, kan du gje tilleggsrøyster til inntil tre kandidatar.

– Eg har trivest med å ha vore leiar. Sjølv om eg gjev meg no, kjem eg til å vera med som friviljug, seier Heie, som har site i Tysnes sokneråd i fleire periodar.

LES OGSÅ: Jobbar for ei open kyrkje

På same måte som soknerådsvalet, går også valet til bispedøma i Noreg av stabelen i dei vanlege vallokala. Dersom du er folkeregistert på Tysnes, soknar du til Bjørgvin bispedøme. Også ved dette valet røystar du på kandidatar, og kan gje tilleggsrøyster.

Bispedømerådet er det regionale styringsorganet i kyrkja. Rådet tilset prestar og har mellom anna arbeidsgjevaransvar for prestane.

– I den omorganiseringsprosessen kyrkja no er i blir bispedømeråda ekstra viktige. Det er difor viktig å bruka stemmen sin, seier kyrkjeverje Marianne Totland Storetvedt.

For homofil vigsel
Medlemmane i bispedømerådet utgjer samla Kyrkjemøtet, som er det øvste representative organet i Den norske kyrkja. Eit av dei store stridsspørsmåla på Kyrkjemøtet i fjor var om likekjønna par skulle få lov å gifta seg i kyrkja, noko kyrkja stemde mot. I kjølvatnet av dette stiller «Åpen folkekirke», som er ein nyoppstarta organisasjon innanfor Den norske kyrkje, valliste i ni av elleve bispedøme.

Organisasjonen jobbar mellom anna for at likekjønna par kan viast i kyrkja. I Bjørnvin bispedøme stiller ikkje organisasjonen med liste, men på nettsida deira kan du finna tilråding om kven av kandidatane som er for at kyrkja skal vera for alle.

LES OGSÅ: Vil ta knekken på homodiskriminering