Grøn Ungdom meiner regjeringa bør auke ambisjonane på vegne familiedyr.

I går varsla regjeringa at dei vil foreslå å endre dyrevelferdslova, slik at dyr som vert redda frå eigaren etter dyresmishandling skal kunne verte omplassert utan samtykkje frå eigaren, og ikkje verte avliva.

Grøn Ungdom skriv i ein epost til Framtida.no at dei ønskjer lovendringa velkomen, men at dei vil gå endå lenger.

LES OGSÅ: Kva ville skjedd utan biene?

Ungdomspartiet føreslår å krevje at dyreeigarar må ha kursbevis. Det vil innebere at den som oppsøker oppdrettarar, dyrebutikkar eller andre for å skaffe eit dyr, må kunne syne til gjennomført kurs i godt dyrehald for den aktuelle arten.

Ingen menneskerett å ha dyr
Talsperson Lage Nøst kallar det eit slags «dyresertifikat».

Nøst meiner førebyggjande tiltak, som dyresertifikat, vil kunne avlaste politiets eining for dyrekrim og Mattilsynet.

– Og ikkje minst – hindre at dyr vert utsett for uaktsomt mishald og at personar som ikkje er eigna får skaffe seg dyr, skriv Nøst til Framtida.no.

Han peikar på at ein kvar sommar høyrer om tilfelle der dyreeigarar i beste fall har forlatt dyra sine, og i verste fall har avliva dei på brutale måtar. Grøn Ungdom meiner det er viktig at det såkalla «dyrepolitiet» vert landsdekkjande, og har ressursar til å følgje opp slike saker betre.

Som ledd i å innføre eit dyresertifikat, meiner Grøn Ungdom at det også må vere moglegheiter for at personar kan miste sertifikatet om dei bryt dyrevelferdslova.

– Vi ønskjer at utgreiingsarbeidet for ei slik lovendring vert påbegynt. Det er ingen menneskerett å ha råderett over eit dyr heilt uavhengig av konsekvensane for dyrets ve og vel, skriv Nøst.

LES OGSÅ: No legg ulven ut på vandring

Tilfeldig kva som vert fanga opp
Dyrevernorganisasjonen NOAH støttar forslaget frå Grøn Ungdom.

Leiar Siri Martinsen seier det manglar systematikk i å fange opp mishald av dyr, og at det er tilfeldig om ein problematisk situasjon vert oppdaga eller ikkje.

–  Vi syns dette er eit fint initiativ frå Grøn Ungdom. Det er viktig å setje fokus på at det ikkje er ein menneskerett å ha ansvar for dyr, men at ein må syne at ein er seg ansvaret medviten. Problemet i dag er at ein kan ha fullt ansvar for eit dyr sjølv om ein er heilt uvitande om dyret sine behov, utan at det er nokon måte å fange dette opp på, seier Martinsen.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redde verda

Sjølv om ei ordning med dyresertifikat kan vere vanskeleg å gjennomføre, trur ho at det vil vere haldningskapande med ei slik lovendring.

–  Det kan ha stor førebyggjande verknad med ei ordning der dei som er interesserte i dyr får ei innføring i dyrehald. Den praktiske gjennomføringa må vi kome nærare inn på dersom dette vert eit endeleg forslag. Vi støttar Grøn Ungdom no fordi vi meiner debatten om kompetanse er viktig. Vi ser at det er eit problem at ein har all makt over dyr, men ikkje nødvendigvis kunnskapen som skal til, og vi ser eit stort behov for å systematisere kommunikasjonen av kunnskap rundt dyrehald.

Forslaget kjem frå Grøn Ungdom, og har ikkje vorte handsama i Miljøpartiet Dei Grøne.

LES OGSÅ: Sjekk kjæledyret til Antonina

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE