– Må bruka røysteretten

Dei synst det er vanskeleg å velja parti. Men ein ting er klart. Røysteretten skal dei bruka.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.  

Elevane ved Stord vidaregåande skule på Saghaugen loggar seg inn på pc-ane me ein kode, og vel parti ut frå lista.

– Kva stemde de?

– Nei det vil eg ikkje sei. Eg tok nokre valgomatar på nettet. Så valde eg resultatet frå dei, seier Sigrid E. Hvidevold (18).

Uviss på kva du skal setmma? Prøv vår valgomat!

Viktig med debatt
– For meg var skuledebatten avgjerande. Eg er oppteken av at det må komma ny ungdomsskule, seier Kristin Skumsnes (18).

– Eg blei ikkje så mykje klokare av debatten, seier Sigrid, som meiner at debattantane var mest oppteken av å sei negative ting om kvarandre.

– Eg sakna at det var lokala politikarar. Men det er kanskje litt vanskeleg å rekruttera unge politikarar til å sitja i panelet, seier Kristin Skumsnes, mens medelevane peiker på at SV stilte med ein eigen heiagjeng.

Jentene me treff på Saghaugen synst det er vanskeleg med val. Alle fire er 18 år og skal måndag bruka røysteretta si for første gong.

– Eg meiner at me må bruka stemmeretten, seier Malene Grov.

– Så de blir ikkje sofaveljarar?

– Nei då kan me ikkje klaga heller. Då seier me jo frå oss retten, seier Ingrid Fjøsne (18).

LES OGSÅ: Tidenes beste skuleval for Ap og MDG

Personar
– Eg tenkjer jo litt på ordførarkandidaten når eg skal stemma ved kommunevalet, seier Malene Grov.

Når dei gjeld kven dei meiner er favorittar til å vinna skulevalet, peiker dei på Venstre og SV, og grunngjev det med at partia gjorde det godt i skuledebatten.

– Og kven trur de blir ordførar på Stord?

– Eg føler at Harry Herstad er favoritt, seier Sigrid E. Hvidevold.

Elevinspektør Turid Bjordal held orden på stemmegjevinga. Ho fortel at det er tilsvarande stemmestader også på Vabakkjen og Heiane. I alt er det 820 potensielle røyster ved skulevalet på Stord vgs.

– Så langt ser det ut som det blir veldig god oppslutnad. Heile klassar er allereie ferdige, seier Bjordal.

Torbjørn Iversen Haaland (16) kjem også innom for å stemma.

– Eg er ikkje så oppteken av politikk. Sakene som er viktige for meg er kollektivtransport og stipend, seier Haaland.

LES MEIR OM LOKALVALET HER!