Fleire går på biblioteket

Norske bibliotek fekk 21,5 millionar besøk i fjor. Og talet på utlån av bøker held seg stabilt.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Biblioteka og boklesing står utruleg sterkt i Norge. Denne statistikken syner at utviklinga av biblioteket som møteplass allereie er i full gang utan at utlånet av bøker går ned, seier Nasjonalbibliotekets direktør Aslak Sira Myhre i ei pressemelding.

Han meiner dagens situasjon er eit fantastisk utgangspunkt for den vidare utviklinga av biblioteka som møteplassar og kunnskapssentre.

LES OGSÅ: Vil skapa pulserande litteraturhus over heile landet

Meir enn 18.000 arrangement vart avvikla i norske bibliotek, noko som er ei auke på nesten 3500 frå året før.

Totalbesøket ved norske folkebibliotek auka med rundt 2,5 prosent frå 2013. I snitt vitja kvar innbyggjar folkebiblioteket meir enn fire gongar i løpet av året. 

I fjor var det første året e-bøker var tilgjengelig i de fleste norske folkebibliotek. Om lag 250.000 nedlastingar av e-bøker vart gjort frå dei 362 kommunane som rapporterte tal for dette for 2014.

Det vart lånt ut 23,2 millionar bøker og andre medier i 2014.

Utlånet av DVD-ar og CD-ar som gjekk ned, medan det samla bokutlånet var tilnærma uendra.

Utlånet av skjønnlitteratur for barn hadde ei lita auke på 1,6 prosent, medan utlånet av bøker for vaksne gjekk litt ned. Tel ein med e-bøkene, som i hovudsak var litteratur for vaksne, aukar likevel  utlånet av skjønnlitteratur for vaksne òg.