Egil Olsen med livefilm

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som skjer når du spelar inn på denne måten, direkte på tape, er at ein må levere. Det blir ein nerve. Du kan ikkje gå inn å justere noko etterpå og klippe og lime og trikse. Du må berre fange eit augeblik, seier Egil Olsen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Egil Olsen er stor i Kina

Musikaren frå Ørsta er snart aktuell med ein liveversjon av sisteplata «ooo what happened».

Sjølve innspelinga er gjort ein kald sommarkveld i Ocean Sound Recordings i havgapet på sunnmørsøya Giske, difor er tittelen på den nye plata vorte «ooo this happened (on a cold summer night at ocean sound recordings».

– Sjølve låta kjem litt meir i fokus når du strippar det ned til nesten berre gitar og vokal. Dette er vel så high fidelity ein kan få det. Det svakaste leddet her, er sikkert meg, meiner Olsen, som slepp heile albumet og filmen 25. september.

LES OGSÅ: Egil Olsen – låt for låt

Her kan du sjå ein smakebit: