Soppsanking for nybyrjarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Haust er sopptid, og i skogen står det no gule, kvite, brune og grå hattar og ventar på å bli plukka. Er ein nybyrjar i soppsanking kan nokre enkle tips ta ein langt på veg.

– Ein treng soppkorg og ein liten kniv, gjerne ein soppkniv med ein børste i den eine enden. Eller ein kan bruke ein bakepensel. Soppkorga bør vere litt luftig, slik at soppen ikkje blir klissete. Ein bør ikkje plukke i plastposar, seier leiar i Norges sopp- og nyttevekstforbund Reidun Braathen.

I korga kan det derimot vere fint å ha nokre jordbærkorger eller liknande, slik at ein kan leggje soppartar ein ikkje er sikre på for seg, fortel ho.

– Det er alltid ein fordel å gå på sopptur i tørrvêr. Då er det mykje lettare å reinse soppen, det blir mindre slim og rusk, fortel Braathen.

LES OGSÅ: Slutt for soppkontrollen

La stå!
Kvit og grøn flugesopp, og spiss og butt giftslørsopp er giftige artar som for all del ikkje må hamne i korga. Matblekksopp, fåresopp, furumatriske og granmatriske, bleik og raudgul piggsopp, steinsopp og kantarell nemner Braathen alle som trygge val. Desse har heller ingen skumle dobbeltgjengarar. Å velje røyrsoppar er jamt over trygt.

– Der er det mange gode matsoppar. Det er to-tre artar som smakar vondt og beiskt, men ingen av røyrsoppane er giftige, seier Braathen.

Ho rår til å leggje turen til ein blandingsskog dersom ein ønskjer ei soppkorg med litt forskjellig i.

– Dei fleste av dei gode soppane lever i samspel med tre. Dei har ei sopprot, og rota heng seg på røtene til bestemte tre. Viss ein vil ha eit bra utbytte med fleire artar bør ein gå i skog som har både gran, furu, bjørk, osp – såkalla blandingsskog, fortel Braathen.

LES OGSÅ: Supertrendy med safting og sylting


Reidun Braathen, dagleg leiar i Norges sopp- og nyttevekstforbund, kan gi gode råd til dei som er nybyrjarar i soppsanking. Her fotografert under sopptur i ein skog i Våler i Østfold tidlegare i sommar (Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK)

Oppbevaring
Sopp er ferskvare, understrekar forbundsleiaren. Dersom ein ikkje skal bruke soppen med det same, finst det likevel måtar å oppbevare han på.

– Kantarell kan ein oppbevare i ein boks i kjøleskåpet i ei veke. Skal ein oppbevare dei lenger, må ein konservere dei. Då tilrår vi frysing eller tørking, seier Braathen.

Kantarell er ein av artane som er veleigna til frysing.

– Då legg ein reinsa sopp på ei tørr steikjepanne på svak varme og lar soppen sleppe ut væske. Soppen og soppvæska frys ein ned i eigna emballasje, fortel ho.

 – Traktkantarell kan ein gjere det på same måte med. Det kan òg vere smart å tørke soppen. Dersom ein ikkje har sopptørkar kan ein setje steikjeomnen på litt under 40 grader og leggje soppen på ei rist med omnsdøra litt open. Den tørka soppen oppbevarer ein på tette glas. Det same kan ein gjere med steinsopp, då skjer ein soppen opp i skiver.

Matriskene kan ein fryse på same måte som kantarell. Matblekksoppen er best fersk, medan fåresoppen fint både kan frysast og tørkast, fortel Braathen.

LES OGSÅ: Fleire bekymra for soppforgifting

– Ikkje ta sjansar
Det aller viktigaste rådet ho har til nybyrjarar er å berre ta med seg sopp ein er hundre prosent sikkert på.

– Viss ein plukkar ein sopp ein ikkje er sikker på, bør ein oppbevare han for seg. Kjem det ein liten bit frå flugesopp eller giftslørsopp i lag med matsopp, må ein kaste alt. Det skal berre ein liten bit til, og den sjansen må ein ikkje ta. Vi vil òg sterkt rå frå å smake på sopp ein ikkje veit kva er, seier Braathen.

Å lære seg om dei ulike soppartane er derfor ei god investering.

– Oppsøk kunnskap. Vi har tretti medlemslag som arrangerer turar og kurs. Bli med, der er mange folk som deler av kunnskapen sin, seier ho.

Braathen viser òg til at nettstaden til forbundet www.soppognyttevekster.no inneheld nyttig informasjon.

LES OGSÅ: Sopp kan ha ført til heksebrenning

– Aukande interesse
Norges sopp- og nyttevekstforbund har i mange år hatt soppkontrollar over heile landet. Dette arbeidet har ikkje fått offentleg støtte på fleire år, og av den grunn ser forbundet seg i år nøydde til å prioritere medlemsaktivitetar framfor kontrollane.

– Men alle er velkomne på turar og kurs. Førstkommande helg er det soppdagen, då held 27 av dei 30 medlemsforeiningane våre arrangement, fortel Braathen.

Leiaren i Norges sopp- og nyttevekstforbund opplever at stadig fleire får interesse for det som veks i skogen. Både amatørkokkar og gourmetkokkar vil gjerne ha kortreist sopp på bordet.

– Det er ei veldig aukande interesse. Til no i år har vi fått 620 nye medlemmer, og mange av dei er yngre personar. Det er veldig i tida med kortreist og ureist mat, fortel leiar i Norges sopp- og nyttevekstforbund Reidun Braathen.

 
To matrisker, ein som veks ved furu og ein som veks ved gran, er òg lette å lære seg. Viss ein knekkjer på dei kjem det ut oransje mjølkesaft, det er den einaste sorten i Noreg det skjer med. Matriska er ein skivesopp. Hatten er lys oransje til oransje, og stilken er hol. Dette er også veldig god matsopp, seier Braathen (Eric Steinert / Wikimedia Commons).

Faktaboks

Trygge matsoppar:

Kantarell er ein sopp dei fleste kjenner til. Han er gul og lekker, har ribber på undersida og kvitt kjøt inni, og han luktar godt. Det er ikkje så mange som liknar. Den falske kantarellen er meir oransje. Den falske kantarellen er ikkje giftig, så kantarellen har ingen giftige dobbeltgjengarar, fortel Reidun Braathen.

To matrisker , ein som veks ved furu og ein som veks ved gran, er òg lette å lære seg. Viss ein knekkjer på dei kjem det ut oransje mjølkesaft, det er den einaste sorten i Noreg det skjer med. Matrisken er ein skivesopp. Hatten er lys oransje til oransje, og stilken er hol. Dette er også veldig god matsopp, seier Braathen.

Matblekksopp er ein sopp som er lett å kjenne igjen. Han er ganske høg, og har ein smal hatt med flisete skjel nedover hatten. Veldig modne matblekksoppar blekkar seg og forsvinn. Men når soppen er fersk og ny er han ein veldig god matsopp. Forvekslingsarten grå blekksopp veks ofte inntil stubbar, medan ein finn matblekksoppen ute på feit grasmark, fortel Reidun Braathen.

Fåresoppen reknar ein òg til dei sikre soppane. Fåresoppen kan bli ganske stor og har små porar under hatten, Ein finn ofte ganske mykje fåresopp, så det er ein takknemleg sopp å plukke. Fåresoppen veks over store delar av landet. Eitt av dei viktigaste kjenneteikna er at han ofte har gule flekkar. Viss ein ikkje ser det, blir soppen gul når ein steiker han i panna. Forvekslingssoppen franskbødsopp har ikkje gule flekkar og blir verande kvit i panna. Forvekslingssoppen er ikkje giftig, men har litt bitter smak, seier leiaren av Norges sopp- og nyttevekstforbund.

Bleik og raudgul piggsopp har lysare piggar under og veks stort sett over heile landet, og i både lauvskog og barskog. Bleik og raudgul piggsopp veks fram til frosten kjem, fortel Braathen.

Steinsopp er det rapportert at det er mykje av om dagen. Han har brun hatt og tjukk stilk med kvitt årenett, og eit røyrlag under hatten som først er kvitt, seinare gulgrønt. Ein av våre beste matsoppar, meiner leiaren i Norges sopp- og nyttevekstforbund.

Giftige soppar:

 Kvit og grøn flugesopp, og spiss og butt giftslørsopp er alle dødeleg giftige artar, fortel leiaren i Norges sopp- og nyttevekstforbund.

Den kvite flugesoppen er veldig vanleg i blåbærgranskog, og ein kan òg finne han i lauvskog. Han har ein asiatisk forvekslingsart. Dei fleste forgiftingane knytt til kvit flugesopp har skjedd asiatar som har plukka det dei trur er ein god matsopp, fortel leiaren i Norges sopp- og nyttevekstforbund.

Den grøne flugesoppen er ein av dei farlegaste giftsoppane vi har. Den grøne flugesoppen er ein skivesopp som veks i varmekjær edellauvskog. Hattfargen kan variere noko (Kjelde: Store Norske Leksikon, snl.no / Reidun Braathen).

Butt giftslørsopp er ein giftig skivesopp. Dersom ein blir forgifta av soppen kjem symptoma gjerne etter 3– 4 dagar eller meir. Giftstoffet orellanin som er i soppen angrip nyrene. Butt giftslørsopp er berre kjent frå eikeskogar i Sør-Noreg, fortel Braathen (Kjelde: Store Norske Leksikon, snl.no / Reidun Braathen).

Spiss giftslørsopp er ein dødeleg gift skivesopp. Soppen inneheld giftstoffet orellanin. Hatten er raudbrun og kjøtet er gulaktig. Blir ein forgifta av soppen melder symptoma seg gjerne etter 2– 3 dagar eller meir. Braathen fortel at det er mykje av spiss giftslørsopp. Han veks for det meste i blåbærgranskog, i torvmose, og er veldig utbreidd. Spiss giftslørsopp veks på same stader som traktkantarellen, opplyser leiaren i Norges sopp- og nyttevekstforbund (Kjelde: Store Norske Leksikon, snl.no / Reidun Braathen) (©NPK).