Sopptips til nybyrjarar
Kva soppar bør du plukke med deg heim, og kva soppar bør du absolutt ikkje ete? Her er tipsa frå sankeeksperten!
– Å gå på sopptur gir meg ei enorm ro i sjela. Samstundes er det skattejakt som triggar dopaminutskillinga i kroppen. Kvar gong eg finn ein digg matsopp seier det «ding-ding-ding» i hjernen og eg held ut i alle fall ein time til i skogen.
Det fortel Mette Alstad i ein e-post til Framtida.no. Ho er soppkyndig og driv kontoen @mette.sanker på Instagram og Tiktok. Der deler ho tips til å sanke sopp og inspirasjon. Tidlegare i år gav Alstad òg ut boka God soppjakt, som er ein soppsankingsguide for nybyrjarar.
Vi har fått hennar beste tips til deg som er litt grøn på det med sopp, men som har lyst å ta med korga ut i skogen.
Soppsesongen
Du tenker kanskje at soppsanking er synonymt med haust, men ifølgje sankeeksperten er soppsesongen allereie heilt nydeleg no om sommaren.
– Folk klagar ofte på regn i sommarferien, men regn betyr sopp, så eg er kjempefornøgd. Håpar det held fram sånn her, og kan bli ein sesong som minner om fjorårets.
Då er det altså berre å setje kurs mot skogen med det same. Men noko som kan hindre folk i å plukke sopp, er frykta for å plukke med seg noko giftig. Så kva soppar bør ein absolutt ikkje plukke?
Desse bør du styre unna
– Alle dei aller giftigaste soppane i Noreg er skivesoppar, dei har skiver under hatten. Viss du er heilt nybyrjar kan du unngå å plukke sopp med skiver, så er du trygg på at du ikkje får med deg de farlegaste heim.
Alstad understrekar at det ikkje er farleg å ta på sopp, sjølv om dei er giftige.
– Så om du vil studere ein sopp nærmare, kan du plukke med deg kva som helst. Berre ikkje plukk sopp du er usikker på med sopp du har tenkt å ete i same korg.
Dette treng du
Av utstyr meiner Mette Alstad at korg og soppkniv er det viktigaste.
– Korga bør vere stabil og luftig. Du kan også plukke i papirposar viss du ikkje skal plukke så mykje. Ikkje bruk plastpose, då kan du ende opp med uønskt soppsuppe i botnen av posen.
Ein soppkniv har ein børste på den eine enden som du børstar vekk bøss og jord med.
– Du kan eventuelt ha med ein kniv og matpensel viss du ikkje har eigen soppkniv. Elles kan det vere fint med nokre behaldarar for å kunne sortere soppar, gode sko, caps, myggmiddel og vatn og matpakke.
Du er klar for å gå ut i skogen, men kva skal du sjå etter? Her er fire soppar du heilt trygt kan plukke med deg heim og ete, ifølgje eksperten.
– Alle desse soppane smakar godt og er lette å lære seg. Ingen av dei har nokon farlege dobbeltgjengarar.
Kantarell
– Denne er eggeplommegul med tjukke ribber under hatten. Han luktar fruktig mot aprikos. Soppkjøtet inni er kvitt.
Fåresopp
– Denne er kvit til gråkvit med porelag under hatten (ser ut som huda på nasen din om du ser veldig nærme). Dei veks ofte saman i små klynger. Når du varmebehandlar fåresopp blir han gul, så du kan teste ved å halde ein lighterflamme opp mot soppen ei stund.