Å forsvare seg sjølv

Kva har grizzlybjørnar, operasongarar og babyetarar til felles? Eitt stikkord: karate.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Studvest. 

– Prøv å få partnaren din til å tru at du pleier å ete babyar til frukost, oppfordrar Ole-Bjørn Tuftedal.

Rundt tjue menneske samlar seg i enden av gymsalen på Studentsenteret. Det er både kvinner og menn, nokon i kvite karatedraktar, andre kledde i sportsklede. Dei er her for å lære sjølvforsvar.

LES OGSÅ: Fritidsaktivitetar gjer folk gladare 

Operasongar og grizzlybjørn
Tuftedal er den høgst graderte europeiske instruktøren for denne typen karate, matsubayashi-ryu.

– Karate er ein måte å utvikle seg på, både psykisk og mentalt. Karate er kunsten om liv og død, seier instruktøren.

Kursdeltakarane stiller seg opp i par. Ein skal angripe, den andre er offeret. Dei ropar høgt til kvarandre. Skrikinga er viktig, både for å skremme, for å føle seg sterkare, og for å stramme musklane rundt magen. Og for å ikkje gløyme å puste viss ein blir redd.

– Vêr ein operasongar og ein grizzlybjørn! Prøv å skrike høgare enn alle andre, oppfordrar Tuftedal.

Tone Torgrimsen er ei av deltakarane på kurset. Ho blei med på kurset for å bli tøffare, men synst det er utfordrande.

– Eg fniser litt mykje. Men det går overraskande bra. Det er absurd og litt flaut å rope sånn til hyggelege folk, seier studenten.

LES OGSÅ: Trening gir deg ein rus 

Sårbare punkt
Tuftedal demonstrerer ulike teknikkar for å få ein overfallsmann bort. Å presse på tomlane på ein spesiell måte. Kvelartak. Og eit spesielt slag i strupen, som ikkje bør takast lett på. Det går an å drepe med nokre av desse triksa.

– Viss du er innestengt i ei hytte, og ein mann bestemmer seg for å ete deg, då kan du vurdere å gjere dette, seier han om slaget i strupen.

Tuftedal er oppteken av å vise fram dei sårbare punkta på kroppen, langs midtlinja, og å vise kva ein liten person kan gjere for å hamle opp med ein større.

– Du kan sparke i skrittet og slå på nasen. Når du har gjort ein av dei, då spring du. Det handlar om å sette dei ut av spel.

– Bruk heile kroppen din, så kan overfallsmannen vere så sterk han berre vil.

Tuftedal har nokre alternative våpen i reportoaret.

– Tunge askebeger, pinnar, paraplyar, sand å kaste i auger, parfyme, nøklar, såpestykke i ein sokk. Det vil aldri vere ulovleg å bere. Du kan òg stikke folk med ein blyant.

LES OGSÅ: Trening kan gje syreskadde tenner 

Ikkje vanleg
Ifølgje Tuftedal er det ikkje vanleg å bli overfalt i Norge

– Den mest truga kategorien er unge menn, spesielt fulle unge menn.

Han understrekar at deltakarane må jobbe med teknikkane vidare for å bli gode.

– Dei må komme automatisk, du vil ikkje ha tid til å tenke viss noko skjer.

Torgrimsen har lyst å trene meir karate. Viss ho hadde blitt angripe på vegen heim i dag veit ho kva ho ville gjort.

– Eg ville skrike og sprunge så fort eg kunne. Men som trenaren sa, det skjer heldigvis veldig sjeldan, seier ho.