Slo eit slag for bokbussen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Jette Christensen, synte stor interesse for bokbussen då ho tysdag vitja Kvinnherad. Då ho fekk vita at bussen er 23 år gamal, oppmuntra ho partifelle og bursdagsbarn Johnny Håvik til å kjøpa ny bokbuss til kommunen dersom han kjem til makta.

LES OGSÅ: Siste ferd for bokbåten «Epos»

I fleire kommunar har bokbussar blitt lagt ned, noko Christensen uttrykte var eit stort tap på fleire område. Også bokbussgeneral Per Myklebust sa han vona bussen vil bestå, sjølv etter at han ein dag går av.

– Ny bokbuss er ein god idé. Kor mykje kostar dette valløftet mitt, undra ordførarkandidat Håvik med eit smil, medan han naut eit bursdagskakestykke i bokbussen.

LES OGSÅ: Vil ha bokbåten på statsbudsjettet