Halve kongeriket og heile kjærleiken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skal godt gjerast å ikkje hugse bryllaupet til kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon frå 2001. Men kva ville skjedd dersom noko hadde gått litt annleis? Det prøver musikalen som Ingrid Bjørnov og Are Kalvø står bak, å gi eit svar på. Sjølvsagt med eit humoristisk skråblikk.

– Både Mette-Marit og kontroll- og konstitusjonskomiteen er sentrale aktørar. Det er både romantikk, og det er politikk. Men noko av det eg har syntest har vore mest spennande, er å tenkje på korleis det gjekk føre seg i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité då dei faktisk sat og diskuterte romansen mellom Mette-Marit og Haakon. Det er både litt komisk, men samtidig også litt godt. At seriøse politikarar også må diskutere noko så vakkert og fint som forelsking, romantikk og kjærleik, seier Are Kalvø til NTB.

LES OGSÅ: Kalvø med årets førestilling

Premieredag
Vi møter han og Ingrid Bjørnov på Det Norske Teatret få dagar før «Halve kongeriket» har premiere på fredag.

Det er prøvar, og det er songgjennomgang i små grupperom.

Små tekstdelar blir tekne ut, forandringar blir øvd inn. Litt nervar er synlege, men først og fremst glede og forventning.

– Akkurat no er det alle mann til pumpene. No skal alle fullføre sitt verk. Her og no kan eg ikkje forstå korleis eg skal greie å erstatte dette med noko anna, seier Ingrid Bjørnov engasjert til NTB.

Ho er spent og forventningsfull og seier at ho faktisk ikkje kan tenkje seg nokon annan stad å vere akkurat no. Og som den musikalelskar ho er, har ho med stor glede arbeidd med musikken, musikarane, skodespelarane – ja heile ensemblet på Det Norske.

– Eg sa først at vi kunne jo prøve å sette opp framsyninga i ein låve i Østfold. Men då sa Are med fleire nei, det blir Det Norske Teatret. Det har vore ei glede å arbeide med så flinke folk. Eg føler veldig på at eg er invitert inn i eliteserien, seier ho.

LES OGSÅ: Satsar på maratonteater om natta


Kronprins Haakon i stykket som ung student i USA. Foto: Det Norske Teatret / Handout

Kolberg og Mette-Marit
Verken Ingrid Bjørnov eller Are Kalvø manglar eigen sceneerfaring, men overlèt denne gongen scena til skodespelarar og dansarar på Det Norske Teatret. Dei til saman 11 på scena går inn og ut av rundt 70 roller – noko som krev raske kostymeskift.

Og det er mange kjende ansikt publikum får treffe: Ikkje minst kronprins Haakon, heilt frå den gongen han var «berre Haakon» som student ved Berkley-universitetet i California. Det er Mette-Marit som fekk kronprinsen og halve kongeriket, Kjell Magne Bondevik og Jens Stoltenberg som var statsministrar i perioden då romansen skaut fart. Og ikkje minst Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, leidd av Martin Kolberg frå Arbeidarpartiet.

– Eg trur han kjem til å synest det er morosamt, seier Are Kalvø, på spørsmål om kva han trur blir reaksjonen til Kolberg dersom han kjem i teateret for å sjå «seg sjølv». Alle som blir framstilte på scenen er faktisk invitert, også kronprinsparet.

– Vi vet ikkje om dei kjem. Vi har i alle fall ikkje høyrt at dei kjem til premieren, seier Kalvø og fleipar litt om at dei kanskje kjem med lausbart og kostyme.

LES OGSÅ: Fleire unge på Det Norske Teatret


Charlotte Frogner som kronprinsesse Mette-Marit, Ola G. Furseth som kronprins Haakon og Jonas F. Urstad som biskop Gunnar Stålsett på Det Norske Teatret. Foto: Det Norske Teatret / Handout

Kvar var de då?
Men kvar var han då kronprinsparet gifta seg og «Halve kongeriket» eigentleg begynte?

– Då stod eg først utanfor Oslo Domkirke og litt seinare på kvelden utanfor Slottet, slik som så mange, mange andre, svarer Are Kalvø.

Og Ingrid Bjørnov, som no har tonesett både bryllaupet og kontroll- og konstitusjonskomiteens gjennomgang av ein rapport frå Riksrevisjonen?

– I eit dameselskap i ei rekkehusleilegheit, der vi såg det heile på tv og græt og kjefta om kvarandre. Det var eit stort engasjement. Store kjensler, seier Bjørnov som vil gå så langt som til å kalle musikalen ein håpefull harselas over både kongehus, politikarar og kjærleiken. (©NPK)

Halve Kongeriket – The Musical from Det Norske Teatret on Vimeo.