Samlar inn bereselar
Då Marianne Breivik fekk høyre at flyktningane må gå sju mil for å registrere seg, bestemte ho seg for å samle inn bereselar for å hjelpe.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Vikebladet Vestposten.
Tysdag morgon såg Marianne Breivik eit innslag på God Morgen Norge som gjorde inntrykk på henne. Ho såg Trude Jacobsen på telefon frå øya Lesvos. Flyktningane som driv i land der må gå sju mil til registrering. Mange av dei kjem med små born. Dette er eit område ingen hjelpeorganisasjonar er og hjelper til.
– Eg forstår ikkje heilt, men det vart sagt at styresmaktene ikkje tillèt det. Eg har vanskeleg for å forstå at det ikkje er lov å hjelpe, seier Marianne Breivik til Vikebladet Vestposten.
Ho har følgt med på sider på nettet, mellom anna «Dråpen i havet», der einskildpersonar engasjerer seg for å hjelpe.
Breivik bestemte seg for å samle inn bereselar, beresjal og beremeisar til flyktningane. Det kan kome godt med når dei må gå sju mil med borna sine for å registrere seg.
LES OGSÅ: Vi hugsar krisene i nyheitsbildet
Diskuterer medan tida går
– Her heime blir me aldri ferdige med å diskutere korleis me skal hjelpe. Eg forstår at me ikkje kan ta imot alle, og at det skal gjerast på ein skikkeleg måte, folk skal bli integrerte. Men tida går. Kor lenge skal me diskutere medan folk druknar? Det er snakk om å berge liv og gje dei ein madrass å sove på, seier Breivik fortvila.
Breivik har førebels ikkje fast avtale om frakt, men les at Trude Jabosen som starta det heile, planlegg frakt av utstyr.
LES OGSÅ: Fekk opphald og snart får dei hus
Fleire innsamlingsstader
Marianne Breivik har ikkje kapasitet til å reise rundt for å samle inn bereselane i heimane til folk. Ho er som kjent aktiv i Ulstein Arbeidarparti. Når ho står på stand i Ulsteinvik sentrum førstkomande laurdag vil ho ta i mot utstyr på standen. Sundag vil ho vere til stades på Hasundgot Stadion under Hasundgotrypa. I kveld, onsdag klokka sju, vil ho vere til stades på Aktiv trening på Hareid.
Mange har delt på Facebook-statusen til Breivik om at ho driv med denne innsamlinga.
– Det viser at det er hjartevarme i det norske folk, det er godt å sjå, seier Breivik som håpar å få inn masse utstyr for å hjelpe.