– Sunnmøringane veit korleis det skal gjerast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunalministeren sjekka Hafast

Saka var først publisert i Vikebladet Vestposten.

Kommunalministeren, og nummer to i Høgre bak statsminister Erna Solberg, Jan Tore Sanner, fekk seg ein liten beinstrekk om bord i «MF Ullensvang» på veg over til Hareid tysdag ettermiddag. Først nokre ord med journalistane, så til ein samtale med Hafast som tema.

Kommunalministeren hadde ein særs stram tidsplan for Sunnmøre-besøket sitt, så oppdateringa frå dagleg leiar i Hafast, Kjell Sandli, måtte nesten skje på den halvtimes lange ferjeturen frå Sulesund til Hareid.

– Dette var ei fin oppdatering. Eg kjenner jo prosjektet frå før, og her er det både ordførarar og næringslivet som er pådrivarar, ein fin kombinasjon. Vi ser at det er framdrift på dette prosjektet, og det er bra, seier Jan Tore Sanner til Vikebladet Vestposten.

LES OGSÅ: Ferjefritt og frykteleg dyrt

– Det blir jobba godt
Sanner fortel at regjeringa følgjer nøye med på det som skjer på Sunnmøre, og framdrifta til prosjektet med ferjefri E39, som Hafast er ein del av.

– No handlar det først og fremst om planleggjing, kombinert med det å finne dei beste teknologiske løysingane. Her er det eit breitt sund som skal kryssast, og etter det eg har blitt fortald blir det no jobba godt i ulike miljø for å få til gode løysingar.

Trur du på byggestart i 2020, slik Hafast og Kjell Sandli håpar på?

– Det som uansett er heilt sikkert er at utan politikarar og næringsliv som pressar på, så ville det kunne tatt veldig lang tid. På Sunnmøre veit ein korleis ein skal drive fram samferdsleprosjekt, og regionen er ein del av eit fylke som er avhengig av god infrastruktur. Det er enklare både for Stortinget og regjeringa når det er ei brei forankring og opplsutnad bak prosjektet, slik det er her, seier Sanner til slutt.


Etter ferjeturen bar det av til Fosnavåg. Kommunalministeren var ikkje så fin på det, og gjekk lik så godt i land. Der venta Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr, som skyssa han til Fosnavåg i bilen sin. FOTO: OLE-OTTAR HØGSTAVOLL