Eit bibliotek med telt og syklar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svært få veit om gratistilbod

– Dei mange utlånsordningane for sportsutstyr er dessverre blant dei best bevarte hemmelegheitene i Noreg, slår Eline Egeland fast, dagleg leiar i organisasjonen BUA.

LES OGSÅ: Historisk verdsmeister

Den frivillige organisasjonen vart starta for eit drygt år sidan. Målet er å få fleire barn og unge i fysisk aktivitet og å gi alle barn moglegheit til å teste ulike sportar – uavhengig av lommeboka til foreldra.

Dei meiner utlånsordningane kan spele ein nøkkelrolle, dersom dei blir betre kjent og betre koordinert.

Ubrukt
I dag finst det mellom 200 og 300 ulike utlånsordningar av sportsutstyr rundt omkring i landet. Typisk er det kommunar, idrettslag, friluftsråd eller andre ideelle organisasjonar som står bak.

– Det er ofte delt ut godt med midlar til innkjøp av utstyr, men nesten ingen ting til drift eller marknadsføring. Dermed veit få om det, opningstidene er svært avgrensa, og utstyret blir liggjande ubrukt mykje av tida, fortel Egeland.

LES OGSÅ: Den nye folkesporten

No vil BUA prøve å samle alle utlånsordningane i ein felles portal, slik at det skal bli lett å få oversikt over kva slags utstyr som finst kvar.

– Det er også eit miljøperspektiv i dette. Vi treng ikkje alle vårt eige telt, som blir brukt kanskje to dagar i året og som ligg i boden resten av tida, påpeiker Egeland.

Felles verktøy
Utlånarane som blir med, får blant anna tilgang til eit dataverktøy som forenklar administrasjon av utlån, marknadsføringsverktøy og tilgang til eit nettverk av utlånsordningar for deling av tips, materiale og erfaringar.

«Sportsbiblioteket» er det siste året prøvd ut i samarbeid med elleve ulike utlånsordningar. No går startskotet for arbeidet med å samle alle.

LES OGSÅ: Ny bibel for rettskrivande