Kunsten å vere klønete

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det mest irriterande med den relativt mykje omtalt informasjonsvideoen til justisministeren, er sjølvsagt at han er altfor lett å parodiere. Det er livsfarlig å lage noko som er lett å parodiere. For då trur nemlig alle at dei kan parodiere. Nettet er no stappfullt av Anundsen-parodiar. Ein Venstre-politikar har laga sin eigen skrytevideo. Ein KrF-politikarar har lagt ut ein satirisk song om Anundsen.

Har vi fortent dette? Har vi verkelig fortent dette?

Har vi ikkje lært noko som helst av historia? Politikarar må aldri prøve å vere morsamme. Har vi allereie gløymt Dagfinn Høybråtens Oluf-parodi? Er vi verkelig så historielause? Dagens ungdom veit sikkert ikkje eingong kven Høybråten er. Noko er feil med historieundervisninga.

Og KrF-politikarar må aldri, aldri, aldri synge. Sa vi ikkje «Aldri meir!» den gongen då KrF-leiaren song «La det swinge» på TV? Vi kan tilgi, sa vi, men aldri gløyme. Kva seier vi no?

Og det verste er altså at alt dette kunne vore unngått. Alle parodivideoane, alle songane.

Om det berre ikkje var for den eine tabben til Anundsen.

Vi kunne også sloppe alle dei harmdirrande kommentarartiklane frå oss som skriv i avisa, der vi påpeiker at det er feil å gjere feil og dumt å vere dum. Mange trur kanskje at vi som skriv i avisa liker å skrive slikt. Og det gjer vi sjølvsagt. Det krev minimalt med arbeid, og det kjennest godt etterpå. Men akkurat Anundsen-artiklane kunne vi faktisk godt klart oss utan. For eigentlig var vi litt lei av han.

Og Anundsen kunne sloppe unna med alt. Politikarar skryt av seg sjølv heile tida, spesielt når det nærmar seg val. Inga stor sak. Å skryte av seg sjølv litt for lenge er heller ikkje uvanlig. At det blir litt flautt når politikarar skryt av seg sjølv er også heilt normalt. Alt dette kunne Anundsen sloppe unna med.  Han kunne til og med sloppe unna med å la skattebetalarane betale for skrytevideoen sin.

Vi som skriv i avisa elskar vanligvis å skrive om statsrådar som misbruker stillinga si og skattebetalarane sine pengar. Men vi har kritisert Anundsen så mykje før, og han får jo ikkje sparken, uansett kva vi skriv. Og kva er vitsen med kritisk journalistikk då? Då kan vi like gjerne skrive om politikk.

Men så gjorde han tabben. Den eine tabben han ikkje skulle gjort. Han sa i videoen at det er frustrerande at media vel negative vinklingar når dei omtalar jobben han gjer.

Der går grensa. Det må alle forstå. Ein statsråd må finne seg i å bli kritisert. Og vi finn oss ikkje i å bli kritisert for at vi kritiserer han.

Og som om ikkje det var nok, så leikar Anundsen journalist i denne filmen. Han ser klønete ut når han prøver å gå, snakke og sjå i kamera samtidig. Dette er ikkje noko ein berre kan gjere sånn heilt utan vidare. Å sjå klønete ut når du prøver å gå, snakke og sjå i kamera samtidig er faktisk eit fag. Folk har gått på høgskule for å få det til. Mange av oss har brukt heile karrierar på å perfeksjonere denne kunsten. Og likevel får vi det ikkje til.

Og så kjem han, amatøren, og får det til på første forsøk. Korleis trur han det kjennest?

Trudde han verkelig at vi ikkje ville reagere?

I videoen stiller Anundsen spørsmål der han på førehand veit kva svar han vil få. Politikarar skal ikkje gjere det. Det er vi som skal gjere det. Det er vi som kan det.

Vi kjenner oss trakka på. Det er frustrerande å bli latterliggjort og kritisert på denne måten.

Vi måtte slå tilbake.


Først publisert i Aftenposten 29. august.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!