Odd Nordstoga om litteratur, låtskriving og kvifor han ikkje lagar mat på fjernsyn.

Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad
Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad

Saka er henta frå Vest-Telemark Blad

– Folk kjem ikkje til Litteraturdagane i Vinje for å høyre Erik og Kriss.

Odd Nordstoga seier han har skjøna det no. At langvegsfarande kjem hit til Vinje for å høyre om og sjå dei som kjem herfrå. Dei vil ha smakebitar av den lokale litteraturen, den lokale musikken. Kulturen som Vinje tradisjonelt er kjent for.

– Eg har ikkje tenkt på det før. Det er eigentleg ei svakheit her – at Vinje har så høg status når det gjeld folkekultur, men ikkje så mange arenaer der det er tilgjengeleg for folk flest, seier Nordstoga.

Han har ferie. Sit ved kjøkkenbordet heime hos mor og far på Vinjeflaten og snakkar om kvifor han har engasjert seg i Litteraturdagane, som starta fredag. Det er ikkje til å leggje skjul på at den nemnde faren, mangeårig styremedlem for festivalen, hadde ei viss rolle i rekrutteringa.

LES OGSÅ: Meir for dei minste frå Odd Nordstoga

Ansvar for å engasjere seg
Osloborgaren Odd syntest det er fint å ha noko meir enn slektskap og kultur som knyter han til Vinje. Ein slags djupare kontakt enn å berre vera på besøk.

– Me som ikkje bur her lenger har eit ansvar for å engasjere oss i det som skjer i heimbygda. Det meiner eg veldig sterkt, seier Odd.

Han er oppteken av at ein ikkje berre skal vera gjest, og forvente at ting skjer av seg sjølv. No har Odd – i tillegg til elgjakta, sjølvsagt – styrevervet i Litteraturdagane i heimbygda.

– Og sit du i styret, står du gjerne i programmet òg, smiler han, og legg til:

– Me har ikkje råd til Jo Nesbø eller Bruce Springsteen. Men det trur eg er ein del av styrken til festivalen. At det er sterk lokal forankring, og at ein får kjensla av at det er ei samling ved leirbålet, som Stein Versto seier.

LES OGSÅ: Nordstoga går for app

– Det har eg lese meg til
Det er jamt store litterære namn som gjestar Litteraturdagane. Framleis går det gjetord om samtala mellom Dag Solstad og Olav Vesaas under fjorårets arrangement. Der, i ein gamal sofa i ein furugul festsal på samfunnshuset i Edland, gjekk det føre seg eit humorshow som kunne konkurrert med det beste av revyar. Ifylgje Nordstoga kunne samtala mellom Solstad og Vesaas vore direktesendt som fjernsynsunderhaldning.

– Det viser at litteraturarrangement ikkje treng å vera så høgtravande som folk kanskje trur. Ein treng ikkje ha lese alt for å ha stort utbytte av å vera der, seier Odd.

Han har ikkje lese mykje av Dag Solstad, og ikkje alt av Tarjei Vesaas. Heller ikkje A. O. Vinje, sjølv om han er oppvaksen som naboen hans.

– Eg har som regel ei bok eg les på. Men det haugar seg fort opp på nattbordet med bøker eg har lyst til å lesa. Krim kjem eg fort gjennom. Men eg merkar forskjell på det og den litteraturen som har litt meir med seg enn at du får lyst til å lesa neste kapittel, seier Odd, og trekkjer fram Tore Renberg som døme.

– Noko eg las i «Dette er mine gamle dager» blei til ei line i ein av songane mine. Å lesa gode bøker har inspirert måten eg skriv på sjølv. Å få tekstane til å klinge litt godt – det har eg lese meg til, seier Nordstoga.

LES OGSÅ: Pontus på nye eventyr

Nynorsking i bokmålsland
Han er grunnleggjande oppteken av språk. Nyleg kom han heim til ein lapp frå alarmselskapet då alarmen hadde gått i huset på Lambertseter. Der hadde dei skrive at dei hadde vore og sjekka, og at det ikkje hadde vore nokon kriminelle å sjå i garasjen. På korrekt nynorsk. Då blei Odd lykkeleg.

– Eg er nynorsking i eit hav av bokmål. Eg blir glad når nynorsken finst på arenaer der det ikkje er forventa, seier han.

Difor er han også glad for at Storegutprisen, som kvart år blir delt ut på litteraturdagane for god bruk av nynorsk i det offentlege rom, i år går til saft- og syltetøyprodusenten Lerum.

– Ein går der i butikken, og tenkjer «jøss, dei har skrive på nynorsk – og endå skjønar folk at det er syltetøy».

LES OGSÅ: Nordstoga-brørne er årets nynorskbrukarar

Springsteen er med
Språk er avgjerande også i musikken. Odd likar lange forteljingar. Slike som Bruce Springsteen fortel i songane sine. Singelen «Diesel og bensin» er ein slik. Ei seks minuttar lang historie om kjærleik og køyretøy. Springsteen- og Amerika-preget er der i aller høgste grad.

– På den nye plata har eg fått utløp for musikk eg sjølv er glad i, kommenterer han.

Meir om den nye plata etter kvart. Fyrst til det som gjorde at det verkeleg losna:

Til årets litteraturdagar har nemleg Odd og Øyonn Groven Myhren lete seg overtale til å pusse støvet av delar av Nivelkinn – bestillingsverket basert på diktsyklusen til Aslaug Vaa. Plata, som «innanfor rammene av upopulær musikk blei veldig populær» (sitat Odd), var det siste prosjektet Nordstoga gjorde før alt eksploderte med «Luring» i 2004.

– Det var med Nivelkinn at eg fyrste gong følte eg fekk skikkeleg dreisen på låtskrivinga. At eg hadde fått det til, og at folk liksom skjøna det – at det blei ekte for dei som høyrde på, seier Odd – noko som blei stadfesta då 160 000 kjøpte Luring-plata. Det er då ein veit at ein har gjort noko rett. Odd hadde funne si stemme.

I haust kjem altså plata som har mest dreis av dei alle så langt, i fylgje Odd.

– Eg har aldri vore så fornøgd med ei plate før. Trur eg då.

LES OGSÅ: Slepper ungdomen til på garden

Pling!
Det var på tide å gjera noko eige att no. Etter Heimafrå-suksessen med Ingebjørg Bratland og produsentjobbar for Sudan Dudan, broren Aasmund og sjølvaste Morten Abel, var det igjen Odd Nordstoga-tid.

– Eg kom i gang då Stein Versto reiste til Firenze for å skrive, forklarar Nordstoga.

Sjølv sat han i Oslo. Pling, sa det ein morgon. E-post med ein tekst frå Stein. Odd sette seg ned og laga ei skisse til ein låt. Det blei slett ikkje verst.

Neste morgon: Pling. Ny låt.

– Eg fekk til ein ny låt kvar dag. Det gjekk veldig raskt – mykje fortare enn eg har bruka å jobbe. Men det lærte eg av å samarbeide med Morten Abel: At det kan ein faktisk gjera. Pop er intuitivt. Det blir ofte bra når det går fort. Og nokre av dei mest populære låtane mine har blitt til på fem minuttar, smiler Odd, som sjølvsagt også har skrive mange av tekstane på den nye plata sjølv.

For fyrste gong i karrieren synest han at materialet til nytt album var så bra at han sette foten ned då produsentane ville han skulle spela inn fleire, for å ha meir å velje på.

– Eg ville ikkje velje vekk nokon, slår han fast.

«Det skal godt gjøres å mislike ham»
I oktober kjem plata, og i heile oktober og november skal han ut på ein landsomfattande turné. Kjenner heile Noregs Nordstoga på forventningspress?

– Ehh. Nei, seier han, ganske bestemt.

Odd er trygg på låtane, trygg på tekstane. Ekstremt godt etablert både i musikk-Noreg og i den norske folkesjela.

Etter konserten hans på Stavernfestivalen i fjor, skreiv musikkmeldar Morten Ståle Nilsen i VG dette:

«Odd Nordstoga er som en universalnøkkel. Han kan spille på nær sagt hvilken som helst norsk festival. (…) Ung eller gammel – det skal godt gjøres å mislike ham. Det er ingen grunn til det heller.»

– Eg er sjølvsagt stolt over at eg har fått så breitt nedslagsfelt, seier Odd.

LES OGSÅ: Ut i verda – heim til Vinje

Syn og segn / Allsang på grensen
Så når ein er Odd Nordstoga, er det ikkje vanskeleg å drive promoteringsarbeid for nye prosjekt. «Kunsten å gå», den fyrste singelen frå den nye plata, fekk brei dekning i dei fleste store avisene, radio- og tv-kanalane i vår. Det er ikkje mange som blir intervjua i P3-morgen fyrst, for så å avslutte dagen med intervju på P1+. Det skil 40-50 år på målgruppene i dei to kanalane. Få artistar har eit like breispektra publikum som den yngste plasseguten.

– Og når så mange likar musikken min, ville det vore feil å prioritere mykje tid og ressursar på å danse, gå frå Nordkapp til Lindesnes eller lage mat på fjernsyn. Eg synest ikkje det er å respektere dei som likar at eg lagar musikk, seier Nordstoga.

Det har altså ikkje skorta på tilbod om å vera med i ulike fjernsynskonsept der kjendisar gjer heilt andre ting enn det dei er kjent for.

Og nei, du kjem aldri til å sjå Odd Nordstoga i «Skal vi danse».

– Men det er utruleg kva ein kan bli sjarmert til å bli med på, legg han til.

I sommar dukka Odd opp på «Allsang på grensen». Platedirektøren i Universal som synest Odd gjer for lite «kjendisting» var veldig nøgd.

– Når ein har sagt nei mange nok gonger, må ein vel til slutt seie noko anna … Men «Allsang på grensen» handlar no faktisk om musikk. Det gjer berre ti prosent av alt det ein elles blir spurt om, er kommentaren hans til det.

Det er eit stykke frå Allsang på Grensen og tulling i P3-morgen, til Salongen på P2 og djuptpløygande intervju i Syn og Segn. Men Odd kan gjera alt saman, og koma unna med det. Jamvel gjera ein god figur båe stader.

– Det er vel det med meg, at eg held meg inne med dei fleste. Eg er ein jovial type.

LES OGSÅ: Vinje kan få litteratursenter

Om å vera eit kjent fjes
Odd byrjar å bli vant til å vera allemannseige no. Ser på det som eit privilegium å få jobbe med akkurat det han har lyst til. At han er i det han kallar «den seeda gruppa» når han slepper plate – dei som får den best preparerte løypa, det beste startfeltet.

– Eg blir teken på alvor. Kan turnere rundt i heile Noreg, og det kjem forsyne meg folk kvar gong. Det er godt. At folk likar det eg driv med.

Men sjølvsagt er det bakdelar med å ha eit så kjent fjes som Odd etter kvart har.

– Nokon gonger er det keisamt å vera ein offentleg person. Folk kjenner meg litt betre enn dei kanskje burde. Men på andre sida: Når ein kjem frå ein plass som denne, er ein vant til at alle kjenner alle uansett. Ja – kassadama på Rema 1000 på Lambertseter kjenner meg att. Men det gjer no tante Signe på Vinje gardsmat, au.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE