Dei Grøne fjerde størst i NRK-måling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjerde størst i NRK-måling

Målinga er utført av Norstat.

Frå målinga i starten av august har MDG fått auka oppslutninga si med heile 2,7 prosentpoeng. Til samanlikning fekk partiet 0,9 prosent ved kommunevalet i 2011.

LES OGSÅ: – Grøn ungdom sin politikk vil føre til eit krakk

Arbeiderpartiet den største taparen
Den store taparen i målinga er Arbeidarpartiet, som fell 3,6 prosentpoeng til 32,5 prosent. Også Høgre går tilbake – oppslutninga på 23,7 prosent er 1,6 prosentpoeng lågare enn i første del av august.

For dei andre partia er oppslutninga slik: Frp 10,5 (+0,7), KrF 4,7 (+0,1), Sp 5,7 (-0,4), SV 4,3 (+0,9), Venstre 5,8 (+0,3), Rødt 2,0 (+0,3) og andre 4,2 (+0,4).

Målinga omfattar 1.000 respondentar og har ein feilmargin på mellom 1 og 3,4 prosent.