Ny varmerekord for Svalbard i sommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Svalbard lufthamn, med målingar tilbake til midten av 1970-talet, har aldri tidlegare hatt ein så mild sommar, seier Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.

LES OGSÅ: Varmaste mai i manns minne

Turistguide Runa Solvang på Svalbard stadfestar at det har vore varmt.

– Det har vore herleg å sitje ute i sola og ete frukost, men samtidig har det vore ein ekkel følelse. Det er ikkje slik det skal vere, seier ho.

Sidan augustmånad ikkje er heilt slutt, vil gjennomsnittstemperaturen truleg gå ned til 6,6-6,8, trur Mamen.

Førebels rekord er 6,4 i gjennomsnitt frå sommaren 2007.

Også andre stasjoner på Spitsbergen, for eksempel Isfjord radio, Barentsburg og Ny-Ålesund, har hatt det svært mildt i sommar. Dei to sistnemnde ligg an til rekord, opplyser meteorologen.

Mamen forklarer dei høge temperaturane med at det generelt har lege høvesvis varme luftmassar over Arktis i sommar.

LES OGSÅ: Klar varmerekord i 2014

Vanskeleg for hundar
Runa Solvang, som også er hundeeigar, fortel at det til tider var vanskeleg for polarhundane.

– Det har til tider vore for varmt for dei, eg har til og med høyrt om hundar som har døydd av heteslag, seier Solvang mens ho kosar med grønlandshunden, ni år gamle Loki. I dag kosar han seg i lett tåke og kjøligare temperaturar.

Solvang brukar ikkje hunden til turistar, ho er guide for eit nytt turistprosjekt i Longyearbyen, nemleg å vise fram gruvehistorie i den nedlagde gruve 3. Og det er ho glad for.

LES OGSÅ: Ekspedisjonsboom til Svalbard


– Vi merkar godt temperaturendringane, spesielt om vinteren, seier Tarjei og Karl Vatvik, som har budd lengre enn dei fleste på Svalbard. Dei har observert mindre is på fjordane og at fleire brear har trekt seg tilbake. Foto: Nina Haabeth / NTB scanpix / NPK 

Veteran
67 år gamle Karl Vatvik som kom til Svalbard i 1973 og dermed har følgt utviklingane lenge, nikkar til at det har vore ein varm sommar, men han er likevel langt meir uroa for høge temperaturar om vintrane.

– Gjennomsnittstemperaturen aukar, havtemperaturen stig og resultatet er at vi ser at både breane og havisen minkar. Vi kan ofte ikkje køyre dei vanlege vintervegane over isen, seier Vatvik. Han driv Svalbard Villmarkssenter som blant anna tilbyr hundekøyring.

– Vi ser det i havet også – at høgare temperaturar fører til meir fisk her. No har vi alt, makrell, lyr, sei til og med laks og aure. Kval ser vi også mykje meir enn før, seier han.

– Eg merkar godt endringane, særleg dei siste 20 åra, seier veteranen, som fram til 1985 jobba i gruvene på Svalbard.

LES OGSÅ: Kraftig klimaeffekt på Svalbard

Tre generasjonar
Det er ikkje så mange på Svalbard som har vore busette så lenge. No omfattar familien Vatvik tre generasjonar.

Sonen Tarjei (27) som med unntak av tre år på Fastlands-Noreg, har budd heile sitt liv på Svalbard, merkar også godt forskjellane.

– Vi ser jo breane trekke seg tilbake, seier han.

Meteorolog Mamen fortel at fjorårets vinter, altså 2013/14, er den mildaste som er registrert på Svalbard lufthamn. Deretter følgjer 2011/12, 2005/06 og 2004/05, medan årets vinter hamnar på 13.-plass. (©NPK)

Monacobreen Glacier, Svalbard, Arctic
Slik såg Monacobreen på Spitsbergen ut i juli 2015. Foto: Gary Bembridge, Flickr Cc-commons