Vil merka lærlingbedrifter
Kunnskapsministeren håpar eit nytt merkesystem skal gi fleire læreplassar og betre omsetnad for verksemdene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi vil at bedrifter skal få moglegheit til å vise fram at dei har lærlingar, og eg håpar det fører til at vi som forbrukarar vel å bruke lærebedrifter, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Kvart år er det mellom 6.000 og 8.000 ungdommar som må stå i kø for å få læreplass og moglegheit til å fullføre den vidaregåande opplæringa si, ifølgje departementet.
– Det er eit veldig dårleg signal til ungdommar som ønskjer seg fagutdanning. Vi må gjere meir for at både det offentlege og det private tek inn fleire lærlingar, og merkeordninga er eitt av fleire tiltak regjeringa har sett i verk, seier Røe Isaksen. (©NPK)