Høgre har samla inn to millionar kroner meir enn Ap til årets lokalvalkamp. Nesten halvparten går til Oslo Høgre.

NPK-NTB
NPK-NTB

Til saman 78 gjevarar, både privatpersonar og verksemder, gir Høgres valkamp til saman over åtte millionar kroner. Oslo Høgre aleine har fått 3,3 millionar.

– Eg er glad for at ein del av våre støttespelarar både blant medlemmer og eksterne ser at vi treng musklar til valkampen, seier Høgres generalsekretær Lars Arne Ryssdal til Klassekampen.

LES OGSÅ: Borgarlege bruker mest på valkamp

Faste gjevarar
Ap har fått 6.465.000 fordelt på ni gjevarar. Alt er frå fagrørsla. Veslebror SV har fått 2,7 millionar kroner.

Dei siste åra har Høgre satsa på å skaffe seg ein base av faste gjevarar. Ryssdal fortel at dei nå har rundt 3.000 personar som gir eit fast månadleg beløp. Til saman gir det partiet mellom fem og seks millionar kroner i årlege inntekter. Det kjem i tillegg til gåvene som blir gitt til partiet i samband med valkampane. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE