Rekordmange vil delta i skulevalet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påmeldingstalet er det høgaste sidan det første gong blei arrangert nasjonale skuleval i 1989. Dei over 190.000 elevane kjem frå fleire enn 400 vidaregåande skular, fortel ei pressemelding frå Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD), som har ansvar for å arrangere skulevala.

LES OGSÅ: Høgre og Piratpartiet vann skulevalet

I år er det femtande gong det blir halde skuleval før det ordinære valet.

– Gjennom skulevala håpar vi å styrkje det politiske engasjementet gjennom tilrettelegging av lærestoffet og deltaking i valet. Skulevala er dessutan ein arena der ungdomspolitikarane får øvd seg i debatt og valkamp, seier spesialrådgjevar ved NSD, Atle Jåstad.

NSD meiner vala òg er eit viktig barometer for det ordinære valet. Ei undersøking NSD har gjort tyder på at interessa for politikk er stigande blant dei unge, etter å ha dalt litt på 1990-talet. (©NPK)

LES OGSÅ: Stemde på Piratpartiet