Kalvø med årets førestilling

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den 90 minutt lange førestellinga «Kalvø» tek Noregs rikssatirikar for seg Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012 og går djupare inn i korleis me nordmenn faktisk nyttar tida vår.

Den fritalande sunnmøringenhar hatt hjelp av sitt eigehusband, og ein ny seleber gjest kvar kveld. Folk som Jonas Gahr Støre, Arne Scheie, Dan Børge Akerø, Drillo, Siv Jensen og Trond Viggo Torgersen har gjesta førestillinga, som gjekk for fulle hus heile hausten 2014. Det Norske Teatret sette difor opp ekstraframsyningar våren 2015.

LES OGSÅ: Ti minutt med Are Kalvø

Are Kalvø var nominert til i alt tre prisar under årets komipris. I tillegg å vinna året førestilling, var han topp tre i kategoriane årets standupkomikar og årets mannlege scenekomikar.

Den prisvinnande førestillinga «Kalvø» er regissert av teatersjef Erik Ulfsby, som var med Kalvø opp på scena på Latter i Oslo for å ta imot prisen.

– Eg vil takka alle på Det Norske Teatret. For ein fantastisk plass å jobba. Om det er nokon her som ikkje har jobb vil eg anbefala Det Norske Teatret, sa Kalvø, som denne hausten og komande år skal turnera landet rundt med einmannshowet «Kalvø». 

28 år gamle Kevin Vågenes frå Meland fekk prisen for årets gjennombrot for TV Norge-satsinga «Mellom bakkar og berg», ein parodi på «Norge Rundt». 

Humorduoen Sigrid Bonde Tusvik og Lisa Tønne stakk av med den gjeve publikumsprisen. Sjå lista over alle vinnarane her. 

Kalvø from Det Norske Teatret on Vimeo.