Finn ut meir om heimstaden din!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokalvala blir ofte avgjort av personane som står på listene – det er ikkje hemmeleg. Men har du ei solid oversikt over kva som kan trenga litt oppstramming der du bur?

LES OGSÅ: Her er kommunane med flest unge på topp

Framtida.no har samla denne informasjonen for deg. I oversikta under kan du sjå på både heimfylket og heimkommunen din, eller du kan sjå på naboane. Slik kan du enkelt få ei oversikt over kva som bør gjerast der du bur.

Har for få av dei mellom 20 og 24 år ein jobb? Er det for mange elevar per lærar? Blir det brukt alt for lite på aktivitet for ungdom? Dette får du svar på her.

Her kan du sjå nærare på kommunane, eller du kan sjå under.

Her kan du sjå nærare på fylka.

Gløym ikkje å sjå på valportalen vår for meir informasjon om Lokalvalet 2015!

Fungerer ikkje programmet? Last ned nyaste versjon av nettlesaren din, og prøv igjen!

Faktaboks

Her kan du finna ut meir om heimkommunen din, heimfylket – eller naboane! Kva er dei gode på, kva kan dei bli betre på? Her kan du finna ut det aller meste.

Nøkkeltal for Noreg:

– I dag er innbyggartalet på 5 165 802 personar

– Til lokalvalet i haust stiller 1699 ungdomskandidatar til val på dei fem øvste plassane i kommunevalet

– Ved førre lokalval brukte 66,2 prosent stemmeretten sin ved kommunevalet, 59 stemte ved fylkestingsvalet

– 68,9 prosent av dei mellom 20 og 24 har jobb i Noreg

– På landsbasis har 67,5 prosent av arbeidsstyrken ein jobb

– Norske elevar går ut frå grunnskulen med 40 poeng i snitt, av totalt 60

– 55,3 prosent av elevane på vidaregåande skule fullfører på normert tid

– Ein kommune brukar 965 kroner i snitt på ungdomsaktiviteter per innbyggar mellom 6 og 18 år

Korleis gjer din kommune det?

Oversikta er laga på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og kan vera nyttig før lokalvalet.