Massivt nei til søndagsope

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til avisa Nordhordland.

Saka er henta frå avisa Nordhordland.

2450 stemmer
Avisa Nordhordland sin Velgarhjelp talar sitt tydlege språk. 2450 radværingar, melandsbuer og lindåsingar har i skrivande stund svart på spørsmåla der. Eit av spørsmåla er om dei vil ha søndagsopne butikkar. 1999 personar svarar blankt nei til det. Det utgjer 81 prosent av dei som har tatt undersøkinga.

LEIAR: Nei til søndagsope

Det er viktig å understreka at dette på ingen som helst måte er ei vitskapleg undersøking, men det er likevel ein klar indikator på folkemeininga i Nordhordland rundt temaet.

– Dette viser at søndagsopne butikkar er noko ingen vil ha, seier Byrknes.

Ho seier at i dette spørsmålet har folket og næringslivet talt.

– Dei har sagt ja til søndagsfri. Det er ein annleis dag som me treng no meir enn nokon sinne. Så no håper eg inderleg regjeringa lyttar til folket, seier ho til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: KrF vil kjempa mot søndagsopne butikkar, håpar regjeringa snur

Gledeleg
Ho får støtte frå Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Lindås, Nina Bognøy.

– Dette er gledeleg. Og her er KrF og AP heilt på linje. Denne annleisdagen er gull verdt for folk, seier ho.

Bognøy seier at i denne saka verkar det som om regjeringa har sett dei ideologiske skylappane på.

– Folk vil nok nytta tilbodet om det er der. Så prinsipielle er nok ikkje folk. Men det er ikkje naudsynt å legga til rette for det, seier ho.

Byrknes peikar på at søndagsopne butikkar vil gå ut over det frivillige arbeidet.

– Tenk kva dette vil ha å seia for det frivillige Noreg. Det skjer så mykje positivt som skapar fellesskap blant folk, dette vil få følger blant kulturlivet vårt, trur ho.

Tala til avisa Nordhordland viser at motstanden er likt fordelt mellom kommunane. Medan det er 16 prosent som seier ja til sundagsopnebutikkar i Meland og på Radøy, er det 19 prosent som seier ja i Lindås.

Kommunestyret i Lindås var samrøystes då dei stemte over sundagsopnebutikkar Det var berre Bjarte Vatnøy (FrP) som røysta for sundagsopnebutikkar.

– Dei butikkane som vil, må ha fridom til å kunne ha ope, seier Vatnøy.

Han seier han har forståing for argumenta på begge sider av saka.

LES OGSÅ: Are Kalvø: Det eg ikkje gjer

Kva skjer i Bergen?
– Men eg vil ha like reglar i heile landet, då det er greitt med like rammevilkår for næringslivet, seier han.

Han tykker det er rart om det er kommunegrensene som skal avgjera om dei kan ha ope på Frekhaug, men ikkje i Knarvik.

Folkerøysta er ganske klar i denne saka?

– Det er den. Spørsmålet er om ein skal spørja bedriftene eller ikkje, seier han.

Bjarte Vatnøy (FrP) var den einaste som røysta ja då saka var oppe i kommunestyret i Lindås.

– Eg er klar over at det er brei motstand i folket. Og det har eg stor forståing for. Men eg trur mange bedrifter vert hemma av regelverket i dag, seier han.

Åge Torsvik, senterleiar i Knarvik senter, seier at deira haldning er at dei ikkje vil ha søndagsopne butikkar.

– For me vil vera annleis og ha ein annleisdag i veka, grunngjev han.

Men det er eit stort men i det heile.

– Om det opp til kvar kommune, og Bergen held ope, så kan me ikkje ha stengt i Knarvik. Då vert me heilt akterutsegla, seier han

– Det er så kort veg til Bergen, at det vil vera umogleg for oss å ha stengt om dei opnar, sluttar han.

LES OGSÅ: Samstemte mot søndagsope