Styrker Den kulturelle skulesekken

Regjeringa gir 12,2 millionar kroner ekstra og endrar organiseringa.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den kulturelle skulesekken skal gi alle elevar eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod.

– Fleire rapportar har påvist ujamn kvalitet, og behov for betre samarbeid mellom skule- og kultursektor. Omlegginga skal heva kvaliteten på tilbodet til elevane, styrkja dei ulike kunstuttrykka, og redusera byråkrati for kunstnarar og artistar, uttalar kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding.

LES OGSÅ:Klar, ferdig, film

Ulike finansierings- og rapporteringssystem for DKS-aktørane skaper unødig byråkrati med dagens organisering. DKS har heller ikkje klart å oppnå god nok dialog og samspel mellom skulesektor og kultursektor nasjonalt, regionalt og lokalt, ifølgje statsråden.

– Å bli kjent med ulike kunst- og kulturuttrykk er ein viktig del av grunnutdanninga til elevane våre. Kunst er viktig for å forstå oss sjølv og samfunnet me lever i, og bidreg til danning, forståing, læring, meistring. Omlegginga skal bidra til at kunst og kultur vert betre integrert i arbeidet til elevane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

LES OGSÅ:Kniving i kulturtoppen