Nordiske land slit med skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nedslåande skuleresultat

Det meiner den svenske gymnas- og kunnskapsløftsministeren Aida Hadzialic, som måndag møtte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og den danske skulepolitikaren Anette Lind til debatt i Arendal.

Tidspunktet var neppe tilfeldig, debatten gjekk av stabelen same dag som spente førsteklassingar over heile landet møtte på skulen for første gong.

Nedslåande
Men kva for ei skuleframtid ventar dei? Med unntak av Finland er PISA-resultata, som måler kunnskapsnivået blant elevane, i nordiske skular nedslåande.

Dei dårlege skuleresultata truar med å uthole kompetansen som dei nordiske landa er så avhengig av, ifølgje ein forskingsrapport frå Det nordiske ministerrådet.

Sverige gjer det dårlegast, og det skapte sjokkbølgjer då årets PISA-resultat blei kjent, ifølgje Hadzialic. Sverige hamna eit godt stykke bak Noreg, som fekk eit litt under middels resultat.

– Den svenske skulen går feil veg. Vi kan ikkje nøye oss med dei resultata vi har, slår Hadzialic fast.

Heve lønn – og status
Den førre regjeringa i Sverige bad OECD sjå på det svenske utdanningssystemet for å finne ut korleis det eigentleg står til. I april i år kom rapporten.

– Han slår fast at det største problemet er statusen til lærarane. Dette må overvinnast om vi skal kome til kjernen av problemet, seier Hadzialic.

Til NTB seier ho at dei no jobbar med å heve statusen gjennom blant anna å auke lærarlønningane.

– Vi vil tilføre 3 milliardar kroner årleg til dette, seier ho.

I Noreg har regjeringa i staden gått inn for å skjerpe karakterkravet for å kome inn på lærarutdanninga.

Åtvarar mot friskular
I debatten åtvara ho også Røe Isaksen mot å opne for friskular.

– Det vi har sett, er at mange av desse skulane ikkje fungerer. Dei bruker lokkemiddel for å få elevane til skulane, men gjer alt dei kan for å presse ned kostnadene. Vi har ei kjempeutfordring framfor oss for å fikse dette, seier Hadzialic.

Også i Danmark har folkeskulen vore gjennom store reformer det siste året. Blant anna er det innført heildagsskole med fordjuping, leksehjelp og 45 minutt fysisk aktivitet kvar dag.

– Vi har sett oss føre å gjere denne generasjonen til den best utdanna nokosinne. Så langt har vi fått kjempegode resultat, seier Anette Lind, som sit på Folketinget for Socialdemokraterne.

Eitt av grepa er å gi lærarane større ansvar.

– Vi treng at dei er stolte av profesjonen sin, seier ho.

Ingen reformer
Finland har lenge vore unntaket i Norden. Der har lærarane høg status, og landet ligg blant dei øvste på PISA-statistikken.

Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet og det nordiske lærarsamrådet, peiker i tillegg på at Finland nesten ikkje har hatt reformer i skolen.

– I Noreg, Sverige og Danmark blir problem løyst med nye reformer. Det er ein av dei store forskjellane, seier ho.

Professor Sten Ludvigsen, som har leidd det såkalla Ludvigsen-utvalet som nyleg leverte den siste av to utgreiingar om framtidas skule til kunnskapsministeren, meiner at eitt av dei viktigaste grepa er å fornye faga i skulen i takt med tida.

– Dersom faga ikkje blir opplevde som relevante for ungdommane, blir det ikkje mogleg å oppnå målsetjinga om ein betre skule. Dette er heilt avgjerande, seier han. (©NPK)