Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE meiner den 80 meter høge flodbølgja som er skildra i den norske katastrofefilmen «Bølgen», er realistisk og godt kan oppstå i verkelegheita.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Sjølve bølgja og konsekvensane er realistiske, men forteppet og utviklinga er ikkje det. Vi har nok mykje meir kontroll enn geologane i filmen, seier Blikra til NRK.

LES OGSÅ: Får 16 millionar til «Bølgen»

Blikra var på festpremieren på filmen saman med Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad under Filmfestivalen i Haugesund søndag kveld. Filmen «Bølgen» av regissør Roar Uthaug og med stjerneskodespelarane Ane Dahl Torp og Kristoffer Joner i hovudrollene, skildrar det varsla raset av den 600 meter lange Åknesremna i fjellet over Sunnylvsfjorden.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) overvaker området kontinuerleg, og utrekningar viser at fjellet før eller sidan vil gi etter med fare for at ei flodbølgje på opptil 80 meter oppstår i fjorden med risiko for å utradere både Geiranger, Hellesylt og Stranda i Møre og Romsdal.

Mange har vore kritiske til filmen og meint han ikkje burde lagast. Etter å ha vore på premieren søndag, rår ordføraren folk til å sjå han, men åtvarar mot sterke scenar.

– Vi som bur langs fjorden, veit at ras har prega oss og vil prege oss. Vi skal ikkje bagatellisere innhaldet i filmen, men peike på at dette er noko vi må leve med. Vi må byggje eit godt apparat og beredskap, seier Tryggestad. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE