Ny vår for heimbygda

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein kunne ha førestilt seg nokre hus nett her, ytst i Sogn, ned mot fjæra, ut mot havet, med vinden i håret.

Kanskje hadde den no tilgrodde bøen bak husa vore parsellhagar (lenkje til Matauk i asfaltjungelen), der folk dyrka sin eigen mat.

Kanskje låg der kajakkar og kanoar i vatnet bak den no tomme fjøsen lenger oppe i vegen, slik at turistane kunne padle over og besøke vikinggarden som var laga til på den andre sida. Kanskje vert dei guida av ein av andelseigarane i det økologiske landbruket ein kan sjå føre seg vert drive her. Kanskje vart blåklokkene og firkløvaren i vegkanten plukka av barnenevar.

LES OGSÅ: Om klimaendringar – og rosa fly

Nede på kaia sat kanskje ein av dei fastbuande i båt, klar til å frakte turistar over til den bergtunge øya uti fjorden, Skorpa, for å lære om korleis dei levde her i gamle dager, prisgjevne naturen, fisket og vêret.

Ja, det ser mest ut som dei rullar imot deg, dei blå fjella der ute, som liksom voktar over den vesle grenda Eide i Hyllestad. På fastlandet står eit glis med lyst hår og fantaserer og gestikulerer. Ingeniøren Magnar Eide stammar frå øya i fjorden. No vil han flytte heim.

Og han vil at du skal flytta med han.

bilete3
Magnar Eide jobbar som ingeniør i Bergen, men vil flytte til Eide for å skape ein ny vår i heimbygda. 

Økogrend på Eide
– Då eg var liten var Eide verdas navle, spøker Magnar.

Litt alvoreg er han likevel. Førebels er det mest planar, pågangsmot og entusiasme på Eide, men Magnar jobbar hardt for å gjere realitet ut av planane om ei økogrend i den fråflytta bygda. Ei slik grend har som mål å vere sjølvberga og berekraftig på mat, energi og velferd. Ein kan tenkje på okøgrenda som ein prototype for framtidas samfunn, ein stad der ein utforskar alternative energikjelder, ressursbruk og levesett.

LES OGSÅ: Stor draum i mikrohus

I «storheitstida» budde der kring 30 personar på Eide. No er her under eit titals og gjennomsnittsalderen er godt over publikummet til VG-lista Topp 20. Magnar drøymer om eit levande samfunn att, med eit folketal på mellom 50 og 150 personar.

– Eg vil skape eit knutepunkt for kunnskap og berekraft, med mellom anna tilbod for skuleelevar, kurs og forsking, seier han.

Kurs i berekraft og permakultur, grøn omsorg, inn på tunet-tilbod, natur, kultur og helse. Lista er lang, planane er mange, moglegheitene endå fleire.

Grøne arbeidsplassar i Hyllestad
Draumar og tomt har Magnar altså – no manglar han berre folk. I bakgrunnen kan ein nærmast høyre bygdedyret kviskre: korleis i alle dagar skal du få dei til å flytte hit?

Det fjernar ikkje smilet.

– Eg trur det å skape nye arbeidsplassar vert ein nøkkel for å få folk til å flytte hit.

For tida søkjer ingeniøren tre ressurspersonar som kan vere med å utvikle og spisse idéane vidare.

Å skape nye arbeidsplassar er ein sentral del av omstillingsarbeidet til Hyllestad kommune, som det for tida vert satsa på i den fråflyttingstruga kommunen.

Handling, ikkje ord
Draumaren på Eide har allereie samarbeida med den internasjonale vidaregåande skulen, UWC Red Cross Nordic, som ligg i nabokommunen Fjaler. Berekraftssjef ved skulen, Judit Durás, har tru på Magnar sine planar.

– Eg tykkjer det er ein fascinerande plan, og eg er sikker på at Magnar, med den energien han har, vil klare å skape eit godt samfunn i bygda. Vi gjer han all vår støtte. Eg trur Eide økogrend kan bli ein kunnskapshub for berekraft, seier Dudás.

LES OGSÅ: Lukka er ein flekk med jord

Ho meiner kommune og fylkeskommune burde dra nytte av kunnskapen og pågangsmotet til Magnar.

– Vi treng desse grøne entreprenørane som ikkje berre snakkar, men faktisk handlar, seier ho.

bilete2
Elisabeth Veivåg Helseth jobbar med omstilling i Hyllestad kommune. Ho meiner planane på Eide er framtidsretta. 

Ein kommune til disposisjon
Og dra nytte av Magnar, det er planen til kommunen. Denne dagen er ikkje mindre enn tre representantar tilstade på Eide, med ein drone til å filme plassen og planar om å lage ein strategi.

Elisabeth Veivåg Helseth er samfunnsansvarleg i  Hyllestad omstilling. Ho er  frå Stord, men har flytta til Hyllestad.

– Magnar sine planar er veldig framtidsretta. Han tek føremonene som er her, naturen med fjord og fjell, og vil skape ein innovativ måte å bu og leve på.

Gjennom jobben som prosjektleiar hjelper ho Magnar å utvikle prosjektet. Denne dagen skal dei jobbe med kven økogrenda rettar seg mot.

Magnar sjølv trur at fleire er interessert i ein slik tankegang no enn før.

– Eg trur vi treff ein nerve i tida. For berre nokre år sidan ville ei økogrend ha vore for alternativt for mange, men no er det ikkje slik lenger. På Eide skal det vere rom for både dei meir eller mindre alternative, seier han.

Når han fantaserer høgt om økogrenda på Eide er det kanskje guten som vaks opp her ein kan skimte – han som vil seie frå seg ingeniørselskapet i byen for å skape ein ny vår for heimbygda. For som Magnar seier:

– Eg har så mange draumar for denne plassen!

LES OGSÅ: – Dårleg debattklima om klima

bilete4
Eide er ei fråflyttingstruga bygd i Hyllestad kommune. No vert det arbeida hardt for å starte ei økogrend her.