Men eigentlig?!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Også denne gongen har mange presentert valomatar på nettet, der du kan svare på ein heil del spørsmål og rangere spørsmåla etter kor viktige dei er for deg, og så skal valomaten fortelje deg kven du bør stemme på. Også denne gongen er det nokre problem med valomatane. Valomatane blir betre og betre for kvart val, men framleis er det langt igjen før valomatane blir like gode som aviskommentatorane til å seie innhaldslause, omtrentlige og rotete ting om folks politiske preferansar basert på tvilsame fakta. Eit problem er at du risikerer å ende opp med å bli råda til å stemme på eit parti du verkelig ikkje liker, berre fordi du er enig i nesten alt dette partiet står for. Dette fordi mange av partia står for mykje av det same, og fordi valomatane aldri stiller kontrollspørsmåla som på ein litt fordomsfull måte avdekker kva parti du verkelig misliker.

Så til neste gong, her er nokre forslag til slike kontrollspørsmål:

Kva ville du gjort viss ein rik, flink, brun austlending med øverste skjorteknappen open sette seg i nabostolen din under ein ganske lang middag?

a) Stilt han spørsmål om kvifor ingen eigentlig er opptatte av formueskatten, og så lytta interessert når han snakka samanhengane om kor uviktig formueskatten er i sju timar.
b) Snakka litt om at det ikkje har vore så fint vêr i sommar.
c) Eg ville blitt uforklarlig sint og snakka usamanhegande.

Viss du svarer a på dette spørsmålet, kan du trygt stemme Ap. Og du kan trygt gå ut frå at du ikkje kjem til å bli invitert i så mange artige middagar framover. Viss du svarer b, kan du stemme kva som helst, eller la vere. Viss du svarer c, skal du ikkje stemme Ap. I alle fall ikkje no.

Viss du skal vere ærlig, kva synest du eigentlig om syklistar som ikkje et kjøt?

a) Det er dei som skal redde verden.
b) Dei er vel folk som alle andre.
c) Eg har ikkje noko imot dei, forsåvidt, men la oss vere enige om at heilt friskt er det jo ikkje.

Viss du svarer a, kan du trygt stemme Miljøpartiet De Grønne. Viss du svarer b, kan du stemme kva som helst. Viss du svarer c, skal du ikkje stemme Miljøpartiet De Grønne.

La oss seie at du går på ein smell og kjøper eit brød på ein søndag, kva tenker du då?

a) Eg dør litt, tenker at eg har svikta, at eg har bidratt til å gjere samfunnet litt kaldare, litt travlare og litt meir kynisk, at eg kjem til å bli straffa for dette ein gong, og dette brødet kunne eg vel klart meg utan, kunne eg ikkje? Dette brødet er dessutan ikkje berre eit brød. Det er eit symptom. Dette brødet symboliserer alt som er gale med samfunnet og vår tid. Dette brødet smaker stress og maktarroganse. Og kven vil vel eigentlig ha maktarrogansebrød når ein kan vente ein liten dag og få rug?
b) Eg tenker: Var ikkje det litt dyrt?
c) Eg tenker: Eg er fri. Så går eg rundt i byen med brødet høgt heva og ropar nettopp det: Eg er fri!!

Du har sikkert forstått dette for lenge sidan, men viss du svarer c, kan du ikkje stemme KrF. Det kan du naturligvis ikkje uansett. Men spesielt ikkje viss du svarer c.

Kva ville du gjort viss nokon sette seg ved sida av deg under ein ganske lang middag og sa: Skal vi snakke litt om rammevilkåra for næringslivet?
a) Eg ville tenkt: Endelig nokon som vil snakke om noko viktig. Alle andre her har det morsomt.
b) Eg ville tenkt: Håper maten er god.
c) Eg ville blitt uforklarlig sint og snakka usamanhengande.

Ja, du forstår. Dette handlar om Høgre.

Skjønnar? Dette er ikkje så vanskelig. I år er det allereie for seint. Men til neste val bør slike spørsmål vere ein del av valomatane. Så kan aviskommentatorane ta ferie i heile august og september. Det er til det beste for alle. Absolutt alle.

Først publisert i Aftenposten 15. august.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!