Fekk tidenes bondegåve

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Saka var først publisert i Avisa Nordhordland. 

– Eg fekk jo heilt sjokk, så klart, fortel Vigdis. Ho visste at kjærasten Andreas hadde henta seg ny traktor, men den skulle jo vera grøn.

– Men så sat han her og smålo, mens han la ut gratulasjon på Facebook, med bilde av presangen. Eg visste ikkje kva eg skulle tru, ler ho.

Lat oss gå nokre år tilbake i tid. Tilfeldigheiter ville at Vigdis frå Haugsvær skulle treffa Andreas, ein stødig kar frå Rogaland som venta på å overta familiegarden på Jæren.

– Det var vel ikkje akkurat planen å finna ein som budde så langt vekke. Det har blitt ein god del turar fram og tilbake, fortel Vigdis. Sidan ho helst tek bilen går det mange timar vekk bak rattet, i tillegg til at det er kostbart å køyra langs kysten.

– Det er utruleg fint på Jæren, og eg likar meg svært godt. No er det på tide å ta neste steg, seier ho.


Det er ein Valtra N103 med frontlaster, her i arbeid på garden på Jæren.

Dermed er det pakking på gang, og om få dagar set ho kursen mot ein ny kvardag. Då vert ho bondetuppa, som ho sjølv seier, på heiltid.

Sjølv om Vigdis er oppvaksen «på landet» så er ho ikkje spesielt van til store dyr.

– Ja, altså, eg har no visst kvar mjølka kjem ifrå, men eg har ikkje hatt noko nærkontakt med gardsdyr, fortel ho. Likevel har ho takla bondelivet veldig bra.

– Eg trur han vart imponert første gongen eg var med på mjølkinga. Det går veldig fint, sjølv om ein vert noko skvist mellom dei store dyra.

Vigdis er ei ung dame med stil, og fekk kjapt ordna seg ein kjole frå Felleskjøpet.

– Det er viktig for meg å vera meg sjølv, sjølv om eg går inn i eit nytt tilvære, fortel ho. Og her får ho hjelp av traktoren, som gløder av feminin styrke.

Traktoren, ein Valtra N103 H5, vart nyleg importert frå Tyskland. Traktoren som Andreas henta heim var grøn, men vart dekka med rosa folie før den kunne framvisast på sjølvaste bursdagen i midten av juni.

– Eg som ikkje har traktorlappen ein gong, ler Vigdis, og legg til at ho er i gang med øvinga.

Traktoren skal brukast i arbeidet på garden, som huser mjølkekyr, ammekyr, kalvar, nokre sauer og gardshunden Lexi. Ved nyttår overtok Andreas garden, og ventar no på Vigdis.

– Det at han gjorde dette for meg ser eg på som ei veldig fin gest. Andreas er ein trygg og fin mann, og eg gler meg skikkeleg til tida framover, avsluttar Vigdis.