– Eg veit at det er mange gamle kranglar her

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Veit at det er mange gamle kranglar her

Det svarte Erna Solberg då  Møre-Nytt utfordra henne om kommunereforma under Ørsta-besøket onsdag ettermiddag.

Ho meinte særleg det kan vere fordelaktig med ei samanslåing innan helse- og omsorgssektoren.

– Kommunane tek imot folk frå sjukehusa som er sjukareenn før. Då trengst det kompetanse. På sjukeheimane skal du ha folk som har kompetanse i å setje intravenøse injeksjonar og å gi lindrande behandling mot slutten av livet. Utfordringane med psykiatri og psykisk utviklingshemma er andre døme. Dette er framtidsbildet for kommunane, og det blir krevjande også for kommunar på storleik med Ørsta og Volda.

– Men dei lokale kritikarane meiner framleis at Ørsta er stor nok til å klare seg sjølv?

– Det er godt mogleg at Ørsta er stor nok til å klare mange av framtidas oppgåver, men då med mange interkommunale samarbeid. Likevel handlar dette også om å ta eit visst regionalt ansvar. Vi kan ikkje ha det slik at kommunane som er store i dag, ikkje bryr seg om dei rundt seg. Vi må få heile «nettet» til å henge saman, sa statsministeren.

LES OGSÅ: Erna spaserte gjennom Ørsta sentrum

Lokal prosess

Ho trur heller ikkje utkantane har så mykje å tape på ei samanslåing.

– Ørsta og Volda er store kommunar i flatevidd, der utkantane ligg langt frå kvarandre. Men med sentrum som er så tett knytt til kvarandre som her, hadde det vore fint å få nokre synergieffektar. Utkantane vil ikkje få det verre av at det blir eitt felles sentrum, i staden for to i dag.

Statsministeren ville likevel ikkje blande seg for mykje inn i prosessen, og den ganske «heite» samanslåingsdebatten Volda og Ørsta er inne i.

– Dette er framleis ein lokal prosess, og det er viktig at det er eit lokalt eigarskap til prosessen. Det er bra med gode diskusjonar der ting blir vege opp mot kvarandre. Så veit jo eg at det er mange gode, gamle vanskeligheiter i Ørsta og Volda som kjem til overflata i ein slik prosess, sa Solberg lurt, og viste til Erling Bø sin VG-kommentar frå 1998, der han skreiv at «no er det visst fleirtal i begge kommunane om at hunden og katten bør bu i same hus» med referanse til den dåverande samanslåingsprosessen i dei to kommunane.

Les saka i Møre-Nytt!