Over 6.000 færre studentar i bustadkø

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6.000 færre i studentbustadkø

Tal frå dei ulike studentsamskipnadene i Noreg viser at 9.537 studentar står i bustadkø i år mot 15.625 i fjor den første og andre veka i august.

LES OGSÅ: Vil bygga studentbustadar med lågare standard

NSO meiner det er viktig at regjeringa fortset auken i bygging av nye studentbustadar.

– Presset på leigemarknaden er framleis altfor stort i fleire av studiebyane, og bustadsituasjonen er kritisk for fleire tusen studentar. Det er viktig at regjeringa står fast ved satsinga slik at endå fleire studentar får ein god studiestart neste år, seier leiaren i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Therese Eia Lerøen. (©NPK)

LES OGSÅ: Noreg manglar over 13.200 studentbustadar