Brannstudentar øver ikkje på tunnelbrann
Norges brannskole som utdannar brannmenn her i landet, manglar ein stad å trene på å sløkke tunnelbrannar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Øver ikkje på tunnelbrann
Brannen i Gudvangatunnelen tysdag er den siste i ei rad kraftige tunnelbrannar dei siste åra. Men brannstudentane øver ikkje på å sløkke slike brannar, fordi Norges brannskole manglar øvingsanlegg, ifølgje NRK.
LES OGSÅ: Vis brannvett – ute som inne
– Når vi ikkje har moglegheit til å øve på dette i realistiske former, er det klart det har noko å seie for beredskapen, seier direktør ved skulen Roar Johansen.
Han peikar på at studentane rett nok får teoretisk undervisning i å handtere slike brannar, men meiner at det også er nødvendig med praktisk øving og trening. Derfor etterlyser han pengar til å byggje eit anlegg der studentane kan trene.
KrFs justispolitiske talsperson Kjell Ingolf Ropstad seier han vil ta saka opp for Stortinget.
– Vi har ein brannstudie som kjem opp til behandling, og då meiner eg at det er heilt naturleg at vi må styrke beredskapen, gjennom å auke kompetansen når det gjeld tunnelbrannar, seier han. (©NPK)
LES OGSÅ: Direkte tale utan avlytting