– El-sykkel kan bli ein konkurrent til bilane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For nokre veljarar er klima det viktigaste, men for dei fleste er det viktigare å gjera kvardagen enklare og billegare. Me må gi folk høve til å velja miljøvenlege alternativ som gjer kvardagen enklare, seier nestleiaren i Transportkomiteen på Stortinget.

Han meiner elsykkel kan bli ein konkurrent til bilane.

– Då kjem du deg fram raskare og billegare, og du får betre luftkvalitet, seier han. Og du kan sleppa å ta deg ein dusj når du kjem fram på arbeid.

– Du skal vera ein bra god syklist om du klarer å halda følgje med ein elsykkel med 25 km/t i oppoverbakkar, legg Raja til.

Betre psykisk helse

Sommaren har stortingsmannen brukt på å sykla 2900 kilometer frå Lindesnes til Nordkapp. Laurdag var han på Stord for å opna valkampen til Stord Venstre.

For Abid Raja er sykkelen både transportmiddel, treningsapparat og ein måte å ha det gøy på.

– Sykkelen kan førebygga depresjon og er god for både den fysiske og psykiske folkehelsa, seier han.

Glad for Grisarumpa

I budsjettforliket mellom dei borgarlege partia, blei partia samde om å gi 95 millionar kroner i belønningsordning til gang- og sykkelvegar. Det betyr at også byar og tettstader utan om dei store byane får tilgang på desse midlane. Stord kommune får 2,75 millionar som skal gå til ny sykkelveg gjennom ein sving nær sentrum som blir kalla Grisarumpa.

– Det er ikkje så gale når riksmuslimen sørgjer for pengar til Grisarumpa, ler Abid Raja og seier han er glad for å få dei andre partia med på å utvida støtta til sykkelvegar.

– Bompengar og samferdsel eller ingenting

Nestleiaren i Samferdselskomiteen har vore med på å vedta fleire lokale bompengepakkar; Askøypakken og Førdepakken er nokre av dei siste. Stord kommune har gått inn for å laga ein Stordpakke med fleire sykkelvegar, miljøgate gjennom sentrum og tiltak for trafikktryggleiken.

– Stord er blitt sykkelby, og det er viktig at me har samanhengande sykkelvegar gjennom kommunen. Eg vil garantera for å gå inn for ein Stordpakke med pengar til gang- og sykkelvegar, seier ordførarkandidat Geir Angeltveit.

Abid Raja er klar: – Kommunen må vedta innhaldet i Stordpakken først, og så få fylkeskommunen med seg og søkja. Så må det litt press til på departementet. Så er eg sikker på at Stortinget vil vera med på å vedta Stordpakken, seier han.

Han er òg klar på at det må til bompengar, sjølv om prisen ikkje treng å vera så høg:

– Oftast står valet mellom bompengar og samferdsel eller ingenting.

Av partia i Stord er det berre Framstegspartiet som skriv i den felles valavisa at dei er mot bompengar i Stordpakken. Arbeidarpartiet, Dei Kristne og KrF er dei einaste som ikkje nemner sykkel i valavisa, men Ap og KrF skriv i sjølve programmet sitt at dei vil styrkja arbeidet med sykkelvegar.