Friske geiter mjølkar meir

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Noregs miljø- og biovitskapelege universitet.

Fridom frå sjukdom påverkar mjølkeproduksjonen i positive retning, og ei geit kan produsere mellom 20 og 30 prosent meir mjølk når ho er fri for kronisk sjukdom.

I 2001 starta eit samarbeid mellom aktørar frå primærnæringa, vitskapsinstitusjonane og forvaltinga for å bli kvitt dei tre kronisk smittsame sjukdommane caprin artritt-encefalitt (CAE), byllesjuke og paratuberkulose i norske mjølkegeitbesetningar. Resultatet blei smittesaneringsprogrammet «Friskare geiter».

Dei tre sjukdommane har hatt stor førekomst blant mjølkegeiter her i landet, noko som har gitt alvorleg produksjonstap i tillegg til negativ påverknad på velferden til dyra.

Alle tre sjukdommane er infeksjonar som det nesten ikkje er mogleg å behandle, og når ei geit er smitta, er ho det så lenge ho lever.

LES OGSÅ: Sommarjobb som geitegjetar

Kvitt alle tre
Frå 2015 er alle norske bruk som produserer geitemjølk, blitt fri for dei tre kroniske, smittsame sjukdommane.

– Programmet har vore eit nyttig initiativ for å betre helsa og auke mjølkeytinga hos geita og dermed også moglegheitene for å auke innteninga til bonden, seier Gunvor Nagel-Alne.

I doktorgradsarbeidet hennar har ho beskrive og dokumentert effekten av «Friskare geiter» på helse og produksjon i norske mjølkegeitbesetningar. Og kor mykje bonden kunne forvente å tene på å delta i prosjektet.

– I prosjektet er det gjennomført grunnleggjande sanering av husdyrbygg og nærliggjande beitemark, i tillegg til at smitta besetningar er slakta ned og erstatta med friske dyr. Svært få besetningar er smitta på nytt, seier Nagel-Alne.

LES OGSÅ: Alle kyr får åtte veker «ferie»

Hindre ny smitte
For å sikre at smitte ikkje får etablere seg på nytt, er det viktig med gode testar som på eit tidleg tidspunkt kan fange opp nye tilfelle av smitte hos geitene. Nagel-Alne gjorde ei vurdering av to testar som kan påvise antistoff mot CAE og byllesjuke i tankmjølk og samanlikna desse med individuelle testar av antistoff i blod. 

– Testing av tankmjølk for CAE og byllesjuke blei funne gode nok til å brukast som ein første test i overvaking av desse to sjukdommane, seier Nagel-Alne.

LES OGSÅ: Fryktar import av kugalskap

Geitebonden tener meir
Gjennom inngåande studiar av endringar i mengde produsert mjølk, kostnader ved bygging av nye fjøs og kostnader ved testing for sjukdommane, har det vore mogleg å rekne på kva geitebøndene kan forvente å få att for innsatsen.

– Resultat frå prosjektet viser at ei investering i «Friskare geiter» i gjennomsnitt gjev positiv avkastning for bonden over ein tiårsperiode, seier Nagel-Alne.

Prosjektet fekk omfattande økonomisk støtte over dei årlege jordbruksforhandlingane. Utan slik støtte kunne det blitt vanskeleg å rekruttere deltakarar til prosjektet fordi bøndene da sjølv måtte dekkje ein stor del av utgiftene sjølve.

LES OGSÅ: Hunden din blir faktisk sjalu

Mønster for andre sjukdomskontrollprogram
Likevel er ikkje dei økonomiske tilskota aleine om å forklare suksessen.

– Eigeninnsats og initiativ frå geitebøndene sjølve har vore avgjerande for å sikre dei smittefrie mjølkegeitbesetningane.

– Prosjektet har vist at det er mogleg å bli kvitt tre alvorleg smittsame sjukdommar frå ein heil nasjonal populasjon av mjølkegeiter gjennom god styring, seier Nagel-Alne.

– Det vil vere naturleg å forvente at erfaringar og resultat frå dette prosjektet kan brukast i planlegging av andre sjukdomskontrollprogram både i Noreg og andre land og for andre dyrearter enn geita.

Faktaboks

Referanse: Gunvor Elise Nagel-Alne: «Healthier Goats disease eradication programme – a healthy initiative», doktorgradsavhandling, Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), 2015.