Bandkrangling og ungdomsdrama på film

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Møre-Nytt

– Det er noko eige med utflytta ørstingar. Vi finn kvarandre i storbyen, seier Caroline Hitland (31).

Den unge artisten har flytta heim etter fleire år i utlandet. Ho har bakgrunn som songar, og har mellom anna jobba for det tyske cruisebåtselskapet AIDA.

– Men eg trengde nye utfordringar, og flytta difor til Oslo for å studere kulturleiing på BI. Og i Oslo møtte eg Egil og Karen Olsen.

Dei to er godt etablert i musikkmiljøet i hovudstaden, og gjennom dei vart Caroline introdusert for mange nye kjenningar.

– Eg har fått møte mange bra folk. Mellom dei var regissøren Sten Hellevig. Han fortalde meg for tre år sidan om spelefilmen han skulle lage.

Filmen som var i emning var inspirert av miljøet rundt bandet Dryads som eksisterte i Kristiansand på 90-talet, med Thom Hell som eine bandmedlemet. Frontfiguren i dette bandet var veldig karismatisk, men samstundes ganske usympatisk og kompromisslaus, og han vart inspirasjonskjelda til hovudkarakteren Henriette i filmen, spelt av Iben Akerlie.

LES OGSÅ: – Me har framleis ein lang veg å gå

 

Sjå trailer frå filmen:

Det tek vanlegvis fleire år frå manusutvikling til den ferdige filmen er å sjå på kino. For Dryads har denne prosessen teke tre år.

– Eg har vore med heile vegen, og har vore tilsett i ulike periodar. I fjor var eg koordinator under innspelinga, og i år har eg vore tilsett i lanseringa.

Og bakgrunnen som artist kom godt med under sjølve produksjonen av Dryads.

– Eg måtte mellom anna sørge for at vi hadde det meste av musikken innspelt på førehand før vi gjekk i opptak, og her var mellom andre Egil Olsen god å kjenne.

Dei var i studioet til Egil, «The Låve», og spelte inn songar til scener som dei seinare skulle filme.

LES OGSÅ: Show i tunnelen

Karen Rosenberg Olsen var også involvert som songpedagog for dei to yngste skodespelarane, Anneli Aune og Vilde Zeiner, som begge syng solo i opningsscena av filmen.

– Det er kjekt å kunne bruke dei ressursane du har rundt deg, og jobbe saman med folk du kjenner. Og ekstra gøy var det for meg i vår då regissøren fann ut at han ville bruke ein song eg laga saman med Svein Erik Åmås som heiter «The Risk». Songen vert brukt i tre ulike scener, og er litt Ellie Goulding-aktig.

No håper Caroline at mange vil besøke Ørsta kino på fredag for å sjå filmen.

– Det er kjempestas at filmen er sett opp i Ørsta.

Dryads skal gå på kinoar over heile landet frå 7. august, og opnar Øyakino i Oslo på fredag. Torsdag kveld besøker skodespelarane Sommeråpent på NRK1, og der vil Thom Hell og Allan Hyde framføre ein låt frå filmen.

– Dette er den einaste norske ungdomsfilmen som kjem på kino i år, og vi er fleire ørstingar som har vore involvert, så det hadde vore veldig kjekt om mange tok turen for å sjå, oppmodar Caroline.

LES OGSÅ: Korleis er det å leve som Hitler?