Natur og Ungdom avslutta protestleir ved Førdefjorden: «- Bring it on!» er beskjeden frå aksjonistane.

mm

Måndag vart Natur og ungdom sin protestleir ved Førdefjorden avslutta. Måndag spelte Razika opp til dans, og NU-leiar Arnstein Vestre oppsummerte i avslutninga dagane som har gått. 1700 står på aksjonsliste for reine fjordar.

«– Bring it on», er meldinga frå aksjonistane

Deltakarane har øvd på aksjonar, padla på fjorden, fiska og fådd oppleva det Sunnfjord har å by på. Måndag avslutta NO-leiar Arnstein Vestre leiren etter at bergensbandet Razika (bildet) hadde gjesta leiren.

– Eg har vore i Vevring før. Eg veit at det er mange bra folk her. At det er mykje fisk i fjorden. Og ein god dose motstand mot å dumpa gruveavfall i fjorden her i bygda. Men denne veka har me vist at det er eit samfunn som ikkje skal la Nordic Mining få gjera Førdefjorden om til avfallsplass for ein gruveindustri som vil driva på billegaste moglege måte, sa NU-leiaren til applaus under avslutninga.

– Denne veka har partileiarar og politikarar teke turen til vesle Vevring for å debattera norsk miljøpolitikk, og sete Førdefjorden på kartet. No må dei politikarane og partileiarane kjempa kampen i Stortinget og i kommunar og fylkesting for å stoppa denne galskapen i Førdefjorden. Me må krevja at dei ikkje gjev seg, sa Vestre.

– Til hausten er det val, det vil avgjera framtida til miljøsaker over heile landet. Me må krevja eit miljøval, med kommunepolitikarar som sørgjer for lågare klimagassutslepp og nei til å byggja ned og forureina natur over heile landet. Dei partia som vil føkka med miljøet kan ikkje få det lett i vekene som kjem fram mot valet, avslutta Vestre.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE