Klart for ein månad med debatt og valløfte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er kjempegod stemning her. Sommarleiren er viktig politisk, men det er også ei feiring. Det er 130 ungdommar frå heile landet som kjem saman for å ha det moro, seier leiar i Sosialistisk ungdom (SU) Nicholas Wilkinson.

Sommarleirane til ungdomspartia går på rekke og rad for tida, fram til AUF avsluttar sesongen med sin leir på Utøya neste helg. Rundt leirbåla blir ny politikk forma ut, og fleire får besøk av partileiarane som skal bidra til å vekkje engasjementet før ein dryg månad med intens valkamp.

LES OGSÅ: Auka innsats gir ikkje fleire veljarar

Brei tv-dekning
Valkampen startar no, og tek seg for alvor opp når Arendalsuka startar 12. august. Der møtest partileiarane til den første tv-debatten i år. Dei møtes att i TV 2s partileiardebatt 10. september, før NRK sender den siste partileiardebatten i valkampen dagen etter.

NRK skal ha til saman ti valsendingar frå ulike stadar i landet, før partileiarane møtest til ein avsluttande debatt i Fredrikstad. TV 2 sender utspørjinga av partileiarane og eit eige valstudio etter 21-nyheitene i vekene før valet.

Fredag og laurdag før valet har NRK2 dessutan sett av 24 timars sendetid til ein direktesend valmaraton.

I eitt til valet
No i byrjinga av august startar også dei fleste partileiarane sine turnear for å stå på stand og møte veljarane saman med lokallaga rundt om i landet.

Torsdag startar Litteraturhuset i Oslo sin runde med partileiarforedrag, der den eine partileiaren etter den andre får presentere sine visjonar for Noreg i 2040. Først ut er statsminister Erna Solberg (H).

– Herifrå og ut er det valkamp kvar einaste dag fram til valet, seier statssekretær Sigbjørn Aanes (H) til NTB. (©NPK)

LES OGSÅ: Maratoninnspurt for NRK før valet

Faktaboks

Viktige datoar i valkampen

27. juli – 9. august: Sommarleirane til ungdomspartia

5.– 12. august: Partileiarforedrag på Litteraturhuset i Oslo

12.– 18. august: Arendalsuka

17. august: Partileiardebatt frå Arendal på NRK

19. august – 9. september: NRK har valsendingar frå ti ulike kommunar

10. september: Partileiardebatt frå Oslo på TV 2

11. september: Partileiardebatt frå Fredrikstad på NRK

14. september: Val

(©NPK)