Tips mot jobbsjokk etter ferien

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv NRK, som har intervjua professor og stressforskar Are Holen ved NTNU.

– Stresshormona er ganske langt nede, vi har følgt ein annan døgnrytme, og då er systemet treigt. Vi kan til dømes ha gløymt passordet til datamaskina, og det tek ei veke før vi er på høggir igjen. Men viss vi bykser på i fullt gir med ein gong så kan vi svi av meir enn vi treng.

LES OGSÅ: Forskarar: – Arbeid for trygd verkar

«Soft» start
Han rår folk til å ta ein roleg start. For om startar for hardt i august, kan du bruka opp reservane du treng utover hausten.

– Det første rådet er å planleggja ferien betre, men ikkje alle har ein situasjon som gjer det mogleg, og då må ein forsøke å ha ein god veksling i veka mellom arbeid og rekreasjon. Viss vi berre er stressa, vert vi ofte sjuke og slitne. Er vi berre avslappa, vert vi fort dorske. Så det beste er ein veksling, seier Holen.