– Vêret kan skape nokre uslåelege bilete, seier Erik Ulfsby. For andre år på rad set han opp «Peer Gynt» ved Gålåvatnet.

NPK-NTB-Trine Andersen
NPK-NTB-Trine Andersen

I fjor spelte vêret på lag med regissøren og skodespelarane.

– Det mest spektakulære står Gålå-naturen for, ikkje minst når Vårherre styrer solnedgangen som Ulfsbys lysassistent, skreiv Mona Levin i Aftenpostenetter premieren i fjor.

Som i fjor er det Mads Ousdal (44) som er Peer. Han trente i eit halvt år før rolla og var ein spretten og sterk Peer. Han var høgt og lågt, slo salto, dansa halling og svinga øksa.

– Mads har trent godt og er i god form i år også, forsikrar Ulfsby.

LES OGSÅ: Klart for Harry Potter-teater sommaren 2016

Kalde prøvar
Til dagleg er Ulfsby sjef for Det Norske Teatret. Sommarjobben på Gålå gler han seg stort over, sjølv om vêret så langt ikkje har vore like flott som i fjor.

– Vi har frose og blitt våte, men det er vel dette som er nærare normalen. Og det er jo nettopp det uføreseielege ved vêret som er den store utfordringa med å spele ute. Men samtidig er det også bonusen. Vêret lager plutseleg nokre bilete som er uslåelege, seier Ulfsby til NTB.

Fredag er det nypremiere. 90 prosent av billettane til dei sju framsyningane er alt selde. Mykje kjem av nok av dei fantastiske kritikkane oppsetjinga fekk i fjor.

– At det vart suksess i fjor gjer ting lettare, men ein suksess kan du ikkje bruke til noko. Det hjelper deg ikkje i neste framsyning. Eg veit kor skjørt det er, ein blir ikkje mindre nervøs og forventningane blir ikkje mindre. Snarare tvert imot, seier Mads Ousdal til arrangørnettsida.

LES OGSÅ: 60 millionar for å gjere Logen til nynorskteater

Peer i bakhovudet
Ousdal seier at han ikkje har klart å legge bort Peer i året som har gått.

– Han ligg der i bakhovudet. Så lenge eg visste at eg skulle tilbake, er det ikkje mogleg å sleppe taket. Ved starten av sommaren begynte eg å sjå på teksten igjen, men heilt sidan eg drog frå Gålå har han vore ein del av meg.

I fjor var første gong Ousdal spelte utandørs.

– Fjoråret var mektig – ramma, naturen og stemninga, seier Ousdal.

Erik Ulfsby seier at framsyninga i år ikkje blir heilt lik den i fjor.

– Sidan vi også spelte i fjor, har vi denne gongen meir tid til å grave i enkelte scener. Vi utviklar også den visuelle biten. Så det er nok noko nytt å oppleve også for dei som såg framsyninga i fjor, seier Erik Ulfsby.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane teater set opp terrorstykke

80 frivillige
Regissøren har med seg dei same profesjonelle skodespelarane som i fjor:

I tillegg til Ousdal møter publikum Heidi Ruud Ellingsen, Marie Blokhus, Frank Kjosås, Svein Tindberg, Per Tofte, Belinda Braza og Birgitte Victoria Svendsen.

Dessutan er det med 80 frivillige og eit husorkester med blant andre Arve Tellefsen.

Kjetil Bjerkestrand er musikalsk ansvarleg, og Arne Nøst, til dagleg teatersjef ved Rogaland Teater, har scenografien.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03
ANNONSE