300.000 inn etter kampanje på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Kvinnheringen

Fire år er gått sidan gründerane bak Epix Haven fekk ideèn om å laga sitt eige miniatyrterreng til å spela rollespel med. Dei var misnøgde både med kvaliteten og dimensjonen på det terrenget som allereie fanst. Det var feil storleik, og alt for tidkrevjande å setja opp. Då ingen andre ville laga noko betre, tok dei saka i eigne hender og starta sitt eige prosjekt.

Etter fire år med kursing, utforming av design, forhandlingar med produsentar og meir til, kunne Thomas Thomsen, Ole Jørgen Hansen, Svein og Even Røssland og Jarle Haktorson starta ein kampanje på Kickstarter.com. Kickstarter.com er ei nettside som skal hjelpa bedrifter og andre prosjekt til å samla inn pengar. Her kan alle som vil «pledge» (gje pengar) til eit prosjekt dei har tru på, og tilbake får dei tidleg tilgang til produkta, gode prisar eller andre former for goder knytt til produktet.

LES OGSÅ: Dataspel skal motivera elevane

Kan realisera produksjonen
Epix Haven la ut prosjektet sitt den 28. juni. Frå ein legg ut eit prosjekt, har ein 30 dagar på seg til å samla inn eit beløp som ein sèt seg som mål på førehand.

– Dersom ein ikkje når målsetjinga får ein ingenting, forklarar Jarle Haktorson til Kvinnheringen.

Saman med Thomas Thomsen, kan han fortelja om nokre hektiske siste timar før dei endeleg klarte å landa målet på 300.000 kroner den 28. juli.

– Vi var oppe i 314.000, så var det nokon som trekte seg. Den siste tida var det 15 stykke som låg inne med eit beløp som var meir enn den klaringa vi hadde til 300.000, seier Thomsen.

Han har berre så vidt det er fått henta seg inn igjen etter hektiske innsamlingsdagar. No er han, saman med resten av staben, klar for å realisera produksjonen av produktet dei har jobba med dei siste 4 åra. Førehandssalet frå Kickstartar var nemleg avgjerande for å produsera deira fyrste kolleksjon.

LES OGSÅ: – Misforstått maskulinitet

Definert miljø
For Ola Nordmann er omgrepet «rollespel» sannsynlegvis ukjent, eller noko han tenkjer på i samband med dataspel. Det er ikkje så rart, fordi det er få som driv med rollespel i Norge. Dei som driv med det, er igjen ofte veldig engasjerte.

– Vi må ut på den internasjonale marknaden, seier Jarle, og fortel at miljøet i Norge er for lite.

Den 5. oktober reiser gründerane til Essen i Tyskland på verdas største spelmesse, for å marknadsføre produktet.