– Eg tippar me har gått rundt 180 kilometer så langt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går Stavanger-Oslo for kreftsaka

Saka er henta frå Bømlo-Nytt

– Ja, det er utfordrande. Faktisk meir enn me hadde tenkt. Me har kvar våre store ryggsekkar med 25-30 kilo kvar og kan gå opp mot to mil om dagen. Så tar me ein pause og et litt, Me har med oss telt, mat og stormkjøken, seier Eirik Wathne Skimmeland. Tysdag hadde dei komme fram til ein stad litt nord for Valle i Valle kommune.

– Eg tippar me har gått rundt 180 kilometer så langt. Det er litt vanskeleg å seia kva tid me kjem fram til Oslo. Kanskje i starten av august, seier Skimmeland. Han fortel at det var kjærasten Marita Hopland som sette dei på ideen om å samla inn pengar til kreftforeininga på denne måten.

LES OGSÅ: Syklar Noreg rundt for kreftsjuke born

Den viktigaste saka
Begge er studentar. Skimmeland skal til på siste året for å fullføra mastergraden i økonomi ved universitetet i Stavanger. Hopland er nyutdanna som personleg trenar og har i tillegg avtent førstegangstenesta.

– Ja, det var nok «den personlege trenaren min» som fann på dette. Fram til no har me fått inn 7.950 kroner til kreftsaka gjennom nettsida me har laga på Kreftforeningen sine sider. På denne sida oppfordrar me folk om å gje ei pengegåve til kreftforeininga, seier Skimmeland.

Dei kan med jamne mellomrom følgja med på utviklinga på denne sida frå sine smarttelefonar. Så lenge det finst dekning. Då kan dei sjå kor mykje pengar folk gjer til kreftsaka og kommentarar. Så kan dei senda takkehelsingar for pengegåvene.

– Det var ganske enkelt og tilrettelagt for å laga ei slik side på heimesida til kreftforeininga. Skulle me støtta ei viktig sak, var kreftforeininga det naturlege valet for oss. Me veit jo at alle blir ramma av kreft anten direkte eller indirekte i løpet av livet. Eg føler at dette var den viktigaste saka me kunne gje støtte til, seier Skimmeland.

Slit på føtene
Sjølv om dei er unge og sterke, så er det klart at ein «spasertur» frå Stavanger til Oslo må slita på føtene og kroppen elles.

– Det er veldig tungt for beina. Det blir mykje gnagsår, men me har med oss plaster. Elles førebyggjer me ved å bruka sportstape på føtene. Me har òg med oss eit ekstra par sko kvar i ryggsekken. Så byter me kvar dag. I byrjinga av turen var ikkje kroppen van med å gå med så mykje utstyr. Det verka inn både fysisk og mentalt. Men det har komme seg no. Kroppen byrjar å bli van med børa. Tyngst er det å gå over fjellet der det i tillegg er kaldt. Me har sove på eit fjell og då fraus me og hakka tenner. Det var vel seks-åtte varmegrader ei natt. Mat skaffar me oss undervegs på turen. Me ser på kartet på smarttelefonen for å sjå kor langt det er å gå til neste butikk. Så kjøper me med oss hermetikkboksar med mat som me kan tilbereda på stormkjøkenet, seier Skimmeland.

I starten av turen måtte dei ta eit par døgns pause på ei hytte for å kvila føtene før dei kunne fortsetja.

– Klarer de å fullføra turen heilt til Oslo?

– Ja, det håpar me. No er me snart halvvegs, og me vil samla inn så mykje pengar som mogeleg til kreftforeininga. Alt me får inn er bra. Me hadde sett oss eit mål på ein million kroner, skreiv me på nettsida til kreftforeningen, seier Skimmeland.

Det er ikkje første gongen han og kjærasten går på tur saman. For to år sidan gjekk dei frå Haugesund til Stavanger.

LES OGSÅ: Sjå – ein haikande robot