Det moderne ferielivet starta på 1970-talet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferielova frå 1947 sikra arbeidstakarane tre veker ferie, utvida til fire veker i 1964. Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennomførte tre ferieundersøkingar i 1968, 1970 og 1974 for å finna ut meir om dei nye ferievanane til nordmenn. Før den tid var det lite kunnskap om kva feriedagane vart brukt til, når på året ferien blei teken ut, og om feriedagane vart nytta til i det heile.

I 1970 opplyste fire av ti at dei ikkje hadde vore på ferie i det heile, så langt frå alle køyrde med fullpakka bil til Danmark. Dei som reiste på ferieturar brukte i gjennomsnitt fjorten dagar. Dette skriv SSB i ein artikkel om dei tre ferieundersøkingane.

Utover tiåret endra ferievanane seg. I 1974 var det berre éin av fire som ikkje reiste på ferie, og dei som reiste brukte i gjennomsnitt 17 dagar.

LES OGSÅ: Leiger ut hyttedrømmen

Med bil til Austlandet
Austlandet var den mest populære staden å feriera, både i 1970 og i 1974. Heile fire av ti ferierte på Austlandet i 1970. Men frå 1970 og fram til 1974 auka delen av nordmenn som reiste på ferie i utlandet.

Heile 68 prosent brukte bil som transportmiddel på ferie i 1970, medan berre 5 prosent reiste med fly. I undersøkinga fire år seinare opplyste 8 prosent at dei reiste med fly.

Liknande undersøkingar i dag viser at i 2014 brukte 70 prosent bil på ferieturar i Noreg, men om ein inkluderer reiser utanfor Noreg brukte 52 prosent fly.

I undersøkingane frå 1970 og 1974 finn SSB òg ein auke i bruk av pakkereiser – eller «selskapsreise», som det heiter i undersøkingane – og i kor langt nordmenn reiste for å koma seg til feriemålet. I 1970 reiste fem prosent på pakketur, medan sju prosent gjorde det same i 1974.

9 prosent reiste mellom 1.000 og 1.999 kilometer og 4 prosent over 2.000 kilometer i 1970. Fire år seinare var desse tala høvesvis 11 og 8 prosent.

SSB skriv at sjølv om ferielivet på 1970-talet var veldig annleis enn i dag, kan ein sjå kimen til det moderne ferielivet i utviklinga frå 1970 til 1974.

LES OGSÅ: Mest avslappa på ferie