Mottek meldingar om ferievaldtekter

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvart år vert UDs operative senter og utenriksstasjonane kontakta av norske borgarar som har vore utsett for valdtekt i utlandet. Dei siste åra har vi motteke 20-30 slike henvendelsar årleg. Vi tek høgd for at det er store mørketal, opplyser underdirektør i Utenriksdepartementets kommunikasjonseining, Kristin Enstad, til VG.

Avisa skriv at mørketala for valdtekter er store, då mange av jentene aldri fortel om det som har skjedd. Avisa skriv at berre kring 10 prosent av dei som vert utsett for eit overgrep melder frå om det i etterkant.

LES OGSÅ: Krev nasjonal dugnad mot valdtekt

Unge jenter under 25 år
VG har mellom anna vore i kontakt med Roy Vetaas, som er kommunikasjonsrådgjevar i Tryg forsikring, og som har 13 års erfaring som skadekonsulent frå same selskap.  

Eg har snakka med ein del som har vore utsett for seksuelle overgrep på feriedestinasjonar. Eg har ikkje konkrete tal, men vil anslå at eg har snakka med opptil fire personar kvart år som har vorte utsett for dette, og anslår at mine 20 kollegaer i Noreg har det same mengda.

Vetaas seier at overgrepa følgjer nordmenn sitt ferdsmønster. Vi reiser mykje til Spania, Bulgaria, Tyrkia og Egypt og det er difor ofte her slike hendingar skjer. Vetaas seier at Spania og Tyrkia skil seg litt ut.

Det er som regel unge jenter under 25 år det er snakk om. Dei har vore på ferie åleine eller saman med ein venninneflokk, og overgrepet skjer ofte når jenta har kome bort frå dei andre og er på veg heim åleine, seier han.

LES OGSÅ: Vil avskamme seksuelle overgrep