Fleire og fleire vil tråkke seg gjennom kvardagen

Elsykkelsalet skyt fart i Noreg. Bransjen sjølv spår at ein vil selje opp mot 60.000 syklar i 2018.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmenn har vorte gira på el-syklar.  Og i år har vi nordmenn for alvor fått auga opp for sykkeltypen, faktisk har salet auka med 150 prosent dei siste tre åra. Det skriv NRK.

LES OGSÅ:Syklar dobbelt så mykje med elsykkel

Ulike målgrupper
Bård Kristiansen, administrerande direktør i interesseorganisasjonen Sportsbransjen, anslår at det vil seljast opp mot 60.000 elsyklar i 2018. Han fortel at det er alle typar menneske som kjem innom butikken og kjøper syklar, men;

– Det er stadig fleire småbarnsfamiliar og yngre som kjøper. Ikkje fordi dei er late og ikkje kan bruka ein vanleg sykkel, men fordi dei oppdagar at det kan løyser mykje av kvardagslogistikken med blant anna frakting av barn og at dei kan unngå å ha ein bil unaudsynt, seier han til NRK.

LES OGSÅ:  SV vil gi pengar til syklistar

Ventar ytterlegare auke
NRK skriv at det i 2013 vart det seld 5000 elsyklar, med ei dobling året etter. Ein ventar ei dobling eller enno meir i år.

– Ser vi på land som vi kan samanlikna oss med – som Tyskland, Belgia og Sverige – har pilene allereie peket oppover i fleire år, trur Kristiansen.