På 50 kvadratmeter i snitt heve nordmannen fengje sin heim. Ligg framtida vår i mikrohus?

I samlinga av store og små miljøtiltak som blir stadig meir populære, har du kanskje ikkje fått med deg kva som gjeld for nye huseigarar. I åra som kjem kan det bli meir vanleg å bu i kjempesmå hus, og dela fellesareal med naboane – i alle fall om Rolf Jacobsen i Gaiia Artikekter får viljen sin. Han har jobba med berekraftige hus i 30 år. Dei siste åra har han endeleg fått medvind i arbeidet, og no er dei i gang med å bygga fleire små samfunn med mikrohus i Hurdal i Akershus. Der skal det byggast fleire hundre små berekraftige mikrohus i åra som kjem. Det første av desse, ei gjestehusblokk med fleire små mikrohus oppå kvarandre, vart opna i Hurdal i slutten av juni.

Det er mange ulike innfallsvinklar til det, men ein grunntanke er å forenkla og å redusera, seier Jacobsen når han skal forklara kva eit mikrohus faktisk er. Mykje av forklaringa ligg i tittelen – husa er mindre i areal, og bygd meir effektivt. Jacobsen meiner eit slikt hus er det smartaste, enklaste og mest økonomiske du kan gjera, spesielt med tanke på miljøet.

LES OGSÅ: Eig meir enn vi trur

Ein framand tanke
For nordmenn, som i snitt bur på 50 kvadratmeter per hovud, kan det vera ein framand tanke å flytta heile familien inn i ein liten boks. Det blir kanskje endå fjernare om du løftar blikket – husa Jacobsen er med på å bygga i Hurdal deler mellom anna fellesareal med naboen. Lite areal treng ikkje vera eit tap, meiner Jacobsen.

Er det ikkje noko ein ofrar med å leva så enkelt?

Eg trur ikkje me får til noko om me seier me skal ofra noko. Men om ein kan jobba med å endra tankemåten, slik at idealet ikkje er større og flottare, og ein kan sjå kvalitetane ved det enkle og vetle – då blir det ikkje eit offer, men eit val.

MikroblokkHurdal

Her er det fire gjestehus stabla oppå kvarandre. Desse skal brukast til korte opphald, men på sikt skal det komme fleire permanente bustader i Hurdal. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Kjærleik ved fyrste blikk

For meg er dette luksus
Hurdal går føre som eit døme på meir berekraftige måtar å leva på. I tillegg til dei fem gardstuna som skal byggast med mikrohus, er det allereie ein økolandsby midt i Hurdal. Der bur det allereie fleire familiar som vil leva eit enklare og rolegare liv, mellom anna Benedicte Kihle, sambuaren og sonen Oscar.

Eg vart gravid, og me budde på 30 kvadratmeter i Oslo. Eg kjende at eg ikkje ville ha barn i byen, og det var ikkje eit miljø eg hadde sett føre meg at Oscar skulle veksa opp i, der eg må passa på han og vera redd heile tida. Han er ikkje heile grunnen til at me flytta hit, men det sette fart på prosessen, fortel Kihle.

Det er grunnar til å flytta ut av byen – men kvifor akkurat til ein økolandsby?

Både eg og sambuaren min er miljøbevisste. Me er opptekne av framtida, og av å ta gode val, så me tenkte det var eit steg i rett retning. Me ville ikkje flytta ut i skogen heilt åleine, men ut på bygda til eit samfunn med ein like grunntanke om korleis ein bør leva. Her er det andre med felles verdiar, det blir ein spennande stemning og energi. Heile visjonen lokka, både for oss sjølv og Oscar.

Det enklare livet på bygda er ikkje eit offer for Kihle og familien.

For meg er dette luksus – å vakna til ro og fuglesong, der Oscar kan springa rundt der han vil. Det er veldig moderne hus, med høg standard. Nokon bur i jordhytter som er endå meir økologiske – og det har eg veldig stor respekt for – men dette er ein god start, seier Kihle.

BenedicteKihleOscar

Benedicte Kihle flytta med sambuaren sin og sonen Oscar til Hurdal, for å bu i økolandsbyen i Hurdal. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Om klimaendringar – og rosa fly

Runar Bålsrud (V) er ordførar i Hurdal, som satsar på mikrohus og økolandsbyar. Økolandsbyen som allereie er i Hurdal kom til verda etter ein lang prosess og mykje vilje frå gründarane som står bak.

Det handlar om ein stad der ein faktisk kan leva mest mogleg i takt med naturen med minst mogleg miljøfotavtrykk, samstundes som den sosiale berekrafta er på plass gjennom eit godt fellesskap, seier Bålsrud, og kallar dei ei folkeleg forklaring på kva ein økolandsby faktisk er.

Det er kanskje ein liten motkultur mot den valdsame urbaniseringa. Fleire ønskjer å leva litt rolegare og saktare enn ein gjer i meir urbane former.

Bålsrud bur ikkje sjølv i økolandsbyen, men han har eit inntrykk av at folk trivst.

Ja, det trur eg. Men akkurat no bur dei midt i ein byggeplass, så det er sikkert både pluss og minus ved å bu der akkurat i den første fasen.

Ein ny idé
I Noreg er idéen om økolandsbyar og mikrohus ganske ny og ukjend, medan det har fått litt fotfeste andre stader i Europa og resten av verda. I USA har The Tiny House Movement fått ein del merksemd, som eit alternativ for gjeldstynge amerikanarar.

Å leva sparsamt på lite areal er kanskje ein tanke som er ekstra vanskeleg å selja i oljerike Noreg – noko Jacobsen har merka seg i dei 30 åra han har jobba med berekraftige hus.

Av dei 30 åra eg har heldt på har 25 år vore i motbakke. Myndigheitene, byggeindustrien og folk flest har ikkje vore i nærleiken av å visa interesse. Nokre få er kanskje bekymra for dårleg inneklima, eller vil sjå nye tekniske løysingar, seier Jacobsen.

Men han merkar at det er ein ny vind på veg.

Dei siste fem åra er det sett i gang ei endring. Me møter kanskje verkelegheita på ein litt annan måte. Det me gjer har blitt meir tilgjengeleg, og mange tenkjer annleis nok til å sei at dette kan vera noko for dei.

LES OGSÅ: Oljedilemmaet i det rike nord

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

ANNONSE