15 år gamle Olav Hårstad har ein spesiell sommarjobb: Han ryddar kulturlandskapet i Nordherad.

Vigdis Kroken og Hans Erik Kjosbakken, Fjuken
Vigdis Kroken og Hans Erik Kjosbakken, Fjuken

Saka er henta frå Fjuken

Saman med kamerat Tormod Weydahl har Olav rydda einer og tre i fleire veker.

Nordherad har i fleire år hatt status som utvalt kulturlandskap i jordbruket, ein status som har resultert i eksterne midlar og mykje fokus på kor spesielt området er. Det nedbørsfattige klimaet og den kalkhaldige berggrunnen gjev grunnlag for ein artsrik «steppevegetasjon». Særleg førekomstane av sjeldne lavartar er unik og gjev området internasjonal status i biologisk samanheng. Det er kartfesta 80 lokalitetar med spesielle naturverdiar, fyrst og fremst ugjødsla beitemark. Til saman 70 raudlisteartar av lav, sopp, plantar og dyr er registrert.

LES OGSÅ: Kan denne redde verda?

Sidan 1999 har grunneigarane sjølve drive «Nordheradprosjektet» for å ta vare på kulturlandskapet og leggje til rette for ferdsel og opplevingar. Prosjektet fekk den nasjonale kulturlandskapsprisen frå Norsk kulturarv i 2009.

Det er Valbjør gard som har «hyra» unggutane Olav Hårstad og Tormod Weydahl.

Vi har fått fylkeskommunale midlar for å halde kulturlandskapet i hevd. Olav og Tormod har gjort ein aldeles strålande jobb, saman med geitene, rosar Kai.

Olav Hårstad tykkjer han har ein interessant sommarjobb.

Det er mange sjeldne plantar og blomar her. Til og med sjeldne sommarfuglar har vi. Eg trivst med dette arbeidet. Det er godt å drive ute.

Men litt stille og kjedeleg kan det kanskje vera?

Nei, eg høyrer på radioen somme gonger, både musikk og nyheiter. Dessutan kjem geitene og held meg med selskap rett som det er. Eg og geitene trivst godt med å arbeide saman om dette ryddeoppdraget, ler Olav.

LES OGSÅ: Sommarjobb: Rakettforskar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

ANNONSE