Erna Solberg: – Vi minnest dei med kjærleik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei var barn, barnebarn, foreldre, søstrer, brør, ektefellar og kjærastar. Dei var slektningar, venner, naboar og kollegaer. I dag, fire år etter, står vi saman med dykk som mista dei mest dyrebare de hadde. Dei skal ikkje gløymast, vi minnest dei med kjærleik, sa statsministeren i talen sin.

Markeringa utanfor regjeringskvartalet onsdag blei innleidd med eit minutts stille for å minnest dei som blei drepne då Anders Behring Breivik angreip regjeringskvartalet og Utøya.

– Den dagen ramma katastrofen. Den dagen blei Utøya og regjeringskvartalet åstad for vondskapsfulle og avskyelege handlingar, sa Solberg.

LES OGSÅ: – Framleis den finaste staden i verda

Såra gror seint
Minnemarkeringane er ei påminning om at mange vil trenge støtte, omsorg og kjærleik i lang tid framover, sa AUF-leiar Mani Hussaini.

– Fire år er kort tid for dei som har mista nokon rundt middagsbordet. Det er kort tid for såra som framleis gror seint, sa Hussaini.

Framfor fleire hundre menneske som hadde møtt opp til markeringa, understreka han at det er viktig å stå opp mot hat og framandfrykt.

– For fire år sidan kom bomba som skulle sprengje demokratiet vårt. Den forferdelege dagen mista vi 77 umistelege. Kvar einaste dag minnest vi dei som blei frårøva framtida si, og ekstra sterkt i dag, sa han.

LES OGSÅ: Etterlyser hjelp for søsken etter 22.juli

Rørt statsminister
Vigdis Wisurs framføring av «Fields of Gold» på nynorsk framfor regjeringskvartalet fekk tårene til å renne hos blant andre statsministeren.

Leiar for Støttegruppa etter 22. juli-hendingane i regjeringskvartalet, John Hestnes, sa han blei djupt rørt av talene frå statsministeren, AUF-leiaren og parlamentspresident i Europarådet, Anne Brasseur.

– Vi må aldri gløyme. Vi skal aldri gløyme dei 77, og vi skal alltid vere på vakt for at dette aldri skjer igjen, sa han.

Utstillinga om 22. juli-angrepa, som er sett opp i ein paviljong i regjeringskvartalet, blei opna i samband med minnemarkeringa.

Dagen blir også markert med minnegudsteneste i Oslo Domkirke, og med ei minnemarkering på Utøya. I år er det laga ein minnestad som består av ein ring med namna til 60 av dei 69 som blei drepne på øya under angrepet 22. juli 2011.