Kven blir Årets barne- og ungdomskommune?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunar som skapar eit godt oppvekstmiljø for barn og unge skal heidrast, og den aller beste i Noreg får tittelen Årets barne- og ungdomskommune. I fjor var det Radøy kommune som fekk tittelen – kven blir det i år?

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne skriv i invitasjonen at ein inkluderande samfunn er eit samfunn der ein tek vare på alle, og gir nye sjansar når noko slår feil.

– Det sikrar me ved å tilby heilheitlege tenester til barn, unge og familiane deira, ved at barn og unge blir høyrt og ved at synspunkta deira blir vektlagde, skriv Horne i invitasjonen.

I år blir det lagt særleg vekt på at kommunen har sett i gang med arbeid for ungdom som har falt utanfor samfunnet, eller som er i ferd med å falla ut av skule og arbeid.

Kommunen som får den gjeve tittelen får ein premie på 250 000 kroner. Vinnaren blir offentleggjort på barne- og ungdomskonferansen i Bergen 2. og 3. november.

LES OGSÅ: Ingen er betre på ungdom