– Sjømat kan spele større rolle i kampen mot svolt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me vil ikkje lukkast med å redusere fattigdom og skape fred utan å utrydde svolt, sa fiskeriministeren i ein tale på Malta til fiskeriministrar og EUs fiskerikommisær.

– Medan over 70 prosent av jorda er dekt av vatn kjem berre ein liten prosentdel av maten me et frå havet, sa statsråden, og streka under at potensialet er stort.

LES OGSÅ: Fisk og folkemusikk

Viktig kjelde til næring
Ho påpeiker at sjømat er ei viktig kjelde til protein og næring, og difor òg viktig for å gjera noko med svolt og underernæring i verda.

I tillegg sa statsråden at akvakultur er mykje meir plasseffektivt enn jordbruk, og har merkbart lågare CO2-utslepp samanlikna med produksjon av kjøt og annan mat.

– Men samstundes vert tilstanden i fiskeria i verda verre. Dårleg drift og svak leiing trugar berekrafta til industrien, fortalde Aspaker.

Statsråden skisserte opp tre viktige faktorar for berekraftig vekst i industrien: Teknologisk utvikling, god leiing, og deling av kunnskap og kompetanse.

LES OGSÅ: Anbefalar gravide å eta meir fisk