Til fjells for å læra norsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Porten.no

Dei to sit i det nyoppussa våningshuset på Svalheim Gard i Utladalen med lærebøker føre seg, klare til å suga i seg alt dei kan læra om Noreg.

Riedl kjem frå Tirol i Austerrike og har gått på norskkurs der. 42-åringen snakkar veldig bra norsk og gjer seg fint forstått når han fortel kvifor han er her.

– Eg vil prøva å forstå og snakka med menneska. Eg likar Noreg veldig godt, både naturen, menneska og mentaliteten til nordmenn. For meg er dette den beste måten å læra kulturen og språket, seier han.

LES OGSÅ: Nynorsk for nye norske

Starta for 13 år sidan
Difor søkte han opp norskkurs i Noreg, og der dukka New 2 Norway opp, eit selskap starta av årdølen Tove Jane Fjeldstad for 13 år sidan.

– Den gongen spurte eg hjartet mitt kva eg likar. Eg har jobba som lærar i grunnskulen, vidaregåande skulen og i vaksenopplæring. Og eg har studert i England, budd i England, og då eg kom heim til Noreg tenkte eg;

– Kva er det folk vil sjå? Jo, fjord og fjell. Kor kjem eg frå? Fjord og fjell, frå Årdal. Eg elskar å møta andre, er lærarutdanna, har det pedagogiske, studert engelsk og norsk, forstår og snakkar tysk, eller iallfall litt, og norsk. Så då tenkte eg å kombinera det i ei pakka, og det gjorde eg.

13 år etter sit ho her på Svalheim att. No har New 2 Norway spreidd seg til fleire stader i både Noreg og utlandet. Fjeldstad fortel at dei har samarbeidspartnarar i Tyskland og Nederland. I Noreg har dei nettverk i Oslo, Stavanger, Bergen og Beitostølen.

LES OGSÅ: Nordmenn er mykje hyggelegare no

Fascinerande
Og så hender det at dei er i Årdal, og det er dei to elevane glade for.

– Det er fasinerande. Eg likar fjordane, seier Schütte, som er her saman med heile familien og bur på Utladalen Camping. 

– Eg likar Tirol veldig godt, men i Noreg er det ikkje så mykje folk, ikkje så mykje stress. Eg likar nordmenn og norsk mentalitet, heilt enkelt, seier Riedl.

LES OGSÅ: Ikkje stryk norsk frå timeplanen

Ulike bakgrunnar
Han har blant anna med seg paraglideren sin og håpar han kan nytta seg av dei stupbratte fjella som omkransar bygda. Fjeldstad seier ho merkar at stadig fleire søker opplevingsferiar.

– Då eg starta for 13 år sidan, var det veldig «Hæ? Skal de bruka naturen og kulturen i språkundervisninga?», og me fekk mykje medieomtale på grunn av det, seier ho.

– Du har slike som Martin som har lært seg norsk i heimlandet og elskar Noreg, og så har du dei som kjem hit og tek det som ein start på ferien. Det er også folk med ulike bakgrunnar og interesser som melder seg på. I Oslo er det til dømes fleire bedrifter og privatpersonar som bur i austlandsområdet, som ikkje nødvendigvis må læra seg språket, men som er genuint interesserte likevel.

LES OGSÅ: – Bruk engelsk i norsktimen

Kjem tilbake
I løpet av desse skal dei blant anna få oppleve Avdalen, Vetti og Vettisfossen. Fjeldstad seier opplegget er ganske unikt sidan det blir tilpassa kvar enkelt. Dei er aldri fleire enn seks i gruppa, og målet er å få læra noko utan at ein skal sitta med nasen i ei lærebok. Språket er levande og aktivt, er tanken.

– Eg håpar at dei blir endå meir glade i Noreg og ser at dei kunne tenkja seg å bu her – at dei får ei positiv oppleving av å vera her med New 2 Norway sine språkpakker, fortel Fjeldstad.

Ein skal ikkje sjå vekk i frå at nokre av dei som deltek blir å sjå i Noreg att.

– Når eg er ferdig med kurset, håpar eg at eg skal forstå meir når folk snakkar som normalt med dialekt. Eg håpar eg at ikkje gjer så mange feil når eg snakkar. Eg gjer ein del grammatiske feil, men eg prøver å bli betre. Kanskje om to-tre år kan eg koma hit og jobba og få eit år i Noreg, seier Riedl.